Historikk: |
Vollheim camping og Hytter (64/16)
0518805-6865180
I 1971 bygde Ole S. Øien om låven til ei dobbelthytte, og ein kvit planke med på malt eit svart telt vart oppsett ved riksvegen. Teltgjestane kom, og dei låg mellom hesjene ute på jordet. Ein to seters utedo vart sett opp.
Hytta vart populær, fleire faste gjestar.
Kona til Ole, Kari hadde vasken og ho hadde dei fleste gjestar inn på kaffe, i nauden fekk dei og ligge inne på stua eller eit soverom.
Prisen var kr 25,- for hytte og rundt kr 5,- pr. telt pr. døgn.
Sonen Kåre Olav Øien (1948) og kona Aud Reidun Bøe Øien (1948) overtok drifta av Vollheim camping i 1979.
Dei bygde sanitæranlegg i 1979, og dei bygde stadig nye hytter, den siste i 2010. Rundt ti campingvogner og fleire telt hadde dei plass til, og gjestane kom gjerne att år etter år.
Dei bygde kiosk og resepsjon nær bustadhuset.
I 1989 annonserar dei med: «Motell-leilegheiter med dusj, leikeplass og vinterisolerte hytter.»
Alle hytter vart pussa opp, og kafeteria bygget restaurert i 1995.
11 hytter vart pussa opp i 2017, fleire med wc og dusj, alle med ulik standard og antal sengeplassar. I tillegg har dei tre hus og ei leilegheit for bortleie. Det er felles sevicerom og stort kjøkken i eiga hus.
Frå 2008 til 2016 var Vollheim ein del av «Dovre statlege mottak for asylsøkjande familiar».
Aud og Kåre selde Vollheim i 2022, etter 40 år på staden.
Kjærasteparet Annet van Lochem og Cyril ter Bogt kom frå Nederland til Dovreskogen i januar 2022.
15. mars 2022 kjøpte dei Vollheim, sidan har dei drive Vollheim camping og hytter.
Annet hadde jobbet med ungdommar i Nederland og er nå tilsett i Dombås barnehage. Cyril var lastebilsjåfør, nå arbeider han i Høyveg Mekaniske Verksted som mekanikar.
Dei driftar og Vollheim i sommar månadene, antal bestillingar og gjestar aukar for kvart år. Det er òg innom pilegrimar for overnatting.
Dei har ingen tilsette, gjer alt sjølve, og meiner reinhald er det viktigaste på ein slik plass.
Dei driftar same anlegget som Aud og Kåre gjorde, to av hyttene er stengt da dei må restaurerast, det er heile tida noko som må vedlikehaldast, noko som kostar mykje, «uten jobb hadde vi ikke kunnet restaurert» seier dei.
Det er rundt 40 sengeplassar, fordelt på ni hytter, leilegheit og hus.
I kiosken sel dei brød, pålegg og ellers noko enkel mat, og sjølvsagt is og brus.
I servicebygget er sanitæranlegget og eit stort kjøkken/opphaldsrom. Her kan gjestane lage mat, eller slappe av. Det er eit «bytte bibliotek» i rommet, der ein tek med seg ei bok mot att ei annan bok blir sett att.
Annet og Cyril, trivast godt i Norge, og har ingen planar om å reise att frå Vollheim.
Kjelde: Aud Reidun Bøe Øien, Annet og Cyril
|