Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Dovredalen Bruk A/S.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:963
Område:Dovrefjell: E6-Grøna
Plassering:Fabrikk bak Dobåshaugen, Sagbruket mellom Dovrebanen og Raumabanen
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Sagbruk og trevarefabrikk
Historikk:Hausten 1947 vart det registrert eit nytt aksjeselskap på Dombås, A/S Dovredalen Bruk. Året etter starta dei opp sagbruk og trevarefabrikk, i styret satt Arne E. Lund, Per Domaas og Ola O. Hage. Trevarefabrikken starta opp i bygget der tyskarane hadde vaskeriet sitt, på nordsida av Dombåshaugen. Sagbruket stod mellom Dovrebana og Raumabana. Bedrifta hadde skaffa moderne maskiner og anleggskostnadane for sagbruket og trevarefabrikken kom på om lag kr 300.000,-. Bedrifta ville ha godt kvalifiserte arbeidarar og annonserte i rikspressa etter folk. Annonse frå Nationen 22/1- 1948. «Sagmestere. 2 sirkelsagmestere og 2 klyvsagmestere søkes for øyebl. tilsettelse ved moderne sagbruk. Uten de beste anb. ingen interesse. Skriftlig søknad til A/S DOVREDALEN BRUK». Sesongen 1948 hadde bedrifta 30 mann i arbeid og opptil 20 mann i skogen. Trevarefabrikken spesialiserte seg på produksjon av dører, vindauga, listverk og treleiker, for eksport. På sagbruket vart det laga fruktkasser av bakhon. Desse vart seld til Vestlandet. På nyåret 1949 vart det søkt etter fleire arbeidarar «maskin- og benksnekkere, samt gutter til lettere monteringsarbeide.» Dei prøvde og på nye produkt. Frå ei annonse i Hamar Stiftstidende 19/1-1949: «Kosteskaftfabrikk med patentert spesialmaskin søker kontakt med skogeiere for framstilling av kosteskaft for eksport. Stor kapasitet. Maskinene er transportable…» Drifta gjekk ikkje så godt som ein kunne ynskje seg. Det vart ned bemanning og Per Domaas overtok aksjane i selskapet og Ola Hage overtok sagbruket. Det vart ikkje starta opp att før det vart skaffa straum frå Eidefoss. I 1951 vart Dovredalen Bruk lagt ut på tvangsauksjon. Erling Hersel overtok etter kvart eigedomen og fabrikklokala, og flytta Rundtom Møbelfabrikk dit. Sagbygningen vart i 1956 lagt ut for salg eller utleige av Lensmannen i Lesja/Dovre.
Eiere:ABj Merete
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Avisartikler, handelsregisteret

Registrert av:Anders Bjørke