Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Burest ved Rå - 3335 mKilli Nystugu m - 3422 mTuft ved Rådå - 3469 mØvre Korsvold` - 3615 mJohus - 3827 mHågåmåsåhus - 3827 mSauhansstugumyr - 4011 m

Opplysninger om Skeiebrønn.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:961
Område:Østsida nord for Grimsdalsvegen.
Plassering:Killigardane
Koordinater: 32V 0511196 6876692
Bruk: Vatn til hus og fjøs
Historikk:Dette er nok kildene Olav den Heilage ville at Killigarden skulle flytte ned til. Den opne oppkomma ligg rett opp for Nordigard Killi 26/1, oppunder eit berg, og er kalla "Skeiebrunn". Her er det sikkert vatn heile året, men for dagens bruk av vatn hender det at ein må kjøre noko i tillegg. Aksel Killi har skrivi at det på Nystugu Killi 29/1 vart innlagt springvatn i fjose i 1908 frå "Skeiebrunn". Før den tid hadde dei pumpevatn frå ei oppkomme som det og renn ein liten bekk nedi, like nedanfor garden. Slik ein ser denne bekken i dag er den steinsatt djupt nede i bakken, truleg har dei lage ei steingrøft med "lokk" under våningshuset og ned i oppkomma. Da det etter kvart vart for lite vatn i "Skeiebrunn", la Aksel elvestadrøyr frå oppe i Rådåe truleg på 1960-talet, i 2000 vart det borevatn. Skeie 25/1 hadde fyrste retten på vatnet i brønnen, Megarden Killi 27/1 og Nordigard Killi deretter. Rundt 1960 vart det støypt ein betong kum over oppkomma, men det hadde nok vore ein slags kum der tidlegare og. Skeie, Nordigard og Megarden har vatn frå der i dag og. For dei to synste Killigardane så hadde Ulsgard Killi 28/1 eiga sikker oppkomme oppunder eit berg rett ovanfor garden med vassleidningen inn i fjøset. Østigard Killi 28/3 hadde oppkomme rett utanfor stugudøra, ein stor stein er nå sett over oppkomma. Som ei oppsummering i Killigardane så hadde nok Olav den Heilage rett om at det var mykje vatn lenger ned.
Eiere:Merete
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Martin Killi, skriv av Aksel Killi, Sverre Killi, MK

Registrert av:MK

Skeiebrønn, legg merke til luka på toppen Juli 23 Foto: Mk