Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Børsumsæter.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:957
Område:Hjerkinnhø og Kvitdalen
Plassering:Børsumsæterbekken
Koordinater: 32V 0534597 6897084
Bruk: Kvenn
Historikk:Innteikna på kart frå 1887. Tufta er grei å finne, og vi trur det ligg ein kvenndam like ovanfor. Nordre og Midti Børsumsæter låg i Dovre kommune fram til 1970, da grensa vart flytta. Søre Børsumsæter låg i Folldal, men alle gardane var husmannsplassar under Hjerkinn Gard. På alle tre gardane ligg det framleis godt brukte kvennsteinar. Eit par steinar som er 70 cm i diameter vart funne i bekken, og fløtt til Borkhuskvenne på Dalholen da ho vart restaurert. Desse var det eigaren av Nordre Børsumsæter som og gav til Borkhuskvenne i 1996. I Midti Børsumsæter var det tolv ungar fyrst på 1900-talet, så mjøl måtte dei ha. Garden var i drift til 1963. På kart frå 1834 er det teikna inn kvennhus i Kvita i området ved Kvitdalssætrene. Børsumsæter 150/1 Folldal, kan òg ha brukt kvenn i Kvita, da det er tydeleg god sti mellom garden og åa. Det kan òg vera at dovringane hadde med seg korn heimafrå som dei mol på sætra for å få ferskt mjøl? BLÅ RUTE!!! I Folldal vart nok det meste av kornet dei dyrka brukt som dyrefòr, kanskje pga kvaliteten det hadde. Matkornet kjøpte dei helst i Gudbrandsdalen. Det var travelt om våren for å få sådd helst i april. Sumaren er stutt i Folldal, så dei måtte ofte skjæra kornet før det var heilt modent. Sjølvsagt var det viktig at åkeren låg solvent, og mest mogleg i le for ver og vind. Det er registrert rundt 50 kvennhus i Folldal.
Eiere:Merete, GG ABj SKAL STÅ BØRSUMSÆTER Red og lest 17.10. GG
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Statens kartverk, Oddbjørn Furuhovde, Hans Sletten, Bygdebok for Folldal

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Kvenntuft i Børsungsæterbekken Juli 23 Foto: Mk