Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Hjerkinn-Gautåe- Børsumsæter.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:953
Område:Hjerkinnhø og Kvitdalen
Plassering:Dovrefjell
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Bekker og åer
Historikk:På Dovrefjell, og i området rundt Hjerkinn, har det òg vore sag og kvenner som har vore drive av vatn. Kvernbekken: Nedanfor Hjerkinnkrysset, på utsida av Folldalsvegen renn Kvernbekken, som tidlegare vart kalla Hjerkinnbekken. Frå gamalt kom nok ein del av vatnet frå Geitbergtjønnet, med tilsig framover dalen. Men etter at jernbanen kom, og Folldal gruver starta opp på Tverrfjellet, vart ein del av vatnet leda bort. Bekken renn ut i Hjerkinndammen. På kart frå 1834 var det to kvennhus vest for den gamle Kongevegen. Ein har funne tufter etter desse, og i tillegg ei tuft lenger nord, som ikkje ligg på noko kart. Sagbekken: Sagbekken kjem ned aust for Hjerkinn gard. Vatn frå myrer ved foten av Hjerkinnhøe samlast og renn ut i Hjerkinndammen. På Baseballes kart 1759 er det teikna inn eit kvennsymbol, og på kart frå 1834 ser ein kartsymbolet for både sag og kvennhus i bekken. Desse låg nok i nærleiken av der den gamle vegen til Hjerkinns-Kvitdalen kryssar Sagbekken. Her er det ein liten foss, og sør for den er det bygd opp ein steinmur (0530408-6899246). Nord for bekken frå der fossen startar, er det eit tydeleg gamalt vassfar i eit lite gjel. Ein kan tru det var lett å styre vatne frå bekken dit. Her kunne ein ha dam til drift av både kvenn og sag. Folla: Folla startar med utløp frå Avsjøen på Dovrefjell, renn gjennom Folldal og ut i Glomma på Alvdal. Ut for Hjerkinndammen på austsida av elva, har det stått ei kvenn som vi finn på kart frå 1834. Gautåe: Åa kjem frå bekker og vatn ved foten på Halvfarhøe, Gråhøe og Falketind, renn ned Gautådalen og så ut i Folla. Litt ovanfor Gautåsætrin er det på fleire gamle kart teikna inn eit kvennsymbol, der åa har eit lite sideløp. Truleg har det vore ei tuft her. Gautåe kan vera flaumstor, så kanskje har ein eller fleire store flaumar teke tufta med seg. Børsumsæterbekken: Bekken startar frå Børsumsætertjønne og renn nedanfor gardane, og ut i Folla. Her ligg det ei kvenntuft. Statens Kartverk skriv Børsungsætri eller Bergsengseter, Oddbjørn Furuhovde som er eigar av Midti Børsumsæter, har forska på namnet og det eldste han finn er Børsumsæter, så da bruker vi det.
Eiere:Merete, GG , ABj Lest 16.10 GG
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:AB

Registrert av:Anders Bjørke