Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Stamper og fargeri.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:930
Område:Vestsida sør for Jøndalen
Plassering:Ved bekkane
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Stampe
Historikk: Stamping av klede og skinn er kjent frå dansk bronsealder rundt år 1200 f.Kr. Og frå eit fransk kloster frå rundt år 1000. Til Norge kom stampa på 17-1800-talet. Den eldste måten å stampe på var å legge det vove vadmålstøyet i trekkspelfoldar opp i ein stamp med varmt vatn, så var det for jenta å stige berrføtt oppi og trakke alt ho kunne. Oppi stampen hadde dei gjæra urin, og lanolin (ullfeitt) som reinsa tøyet for skit og feitt. Stamping kunne og gjerast som eit felles arbeid. Da sat jentene mot kvarandre og trakka tøyet mellom seg. Dette var nok måten å stampe på fram til slutten av 1700-talet. Stamping av vadmål var eit tungt og langvarig arbeid. Vove vadmålstøy var stivt og hardt slik at det måtte gjennom stampa for å bli godt tova, mjukt og varmt. Det var kvinnfolkarbeid å stampe før vasskraft vart teke i bruk, da vart det mennene som for det meste tok over eller i alle fall deltok i arbeidet. Stampa utnytta vasskrafta ved å lyfta og sleppa ned tunge stokkar på store ullstoff som låg i trau med vatn i. Kraftutvekslinga var på same måte som på kvenner og andre tradisjonelle vassdrivne verksemder. Vatnet vart leida via ei renne inn mot kvennkallen som roterte, og overførte kraft til ein liggande stokk, oppe i stampehuset, som også gjekk rundt. På denne stokken var det fleire tretappar med jamne mellomrom. Mot desse tappane var det montert tilsvarande på tverr liggende stokkar som på si side lyfta store, tunge plankar opp og sleppte ned i trauet med vatn. Den harde, rytmiske stampinga tova eller banka stoffet saman til vadmål. Stampa låg ved ein rennande bekk, gjerne nært kvennbruka. Stampa var eit lite hus der vove vadmålstoff og skinn vart banka. Dei kunne og knuse bein med stampa, beinmjølet brukte dei til gjødsling og tilskotsforing for dyr. Dei fyra under ei stor gryte like ved, for å ha nok varmt vatn. Det var eit langvarig og krevjande arbeid, dei var var oftast to om jobben, mannen ved stampa og kona ordna med varmt vatn, ved og såpe. Det skulle fyrast og ikkje minst måtte vadmålet i trauet bli flytta på ganske ofte for at alt skulle bli banka. Etter stampinga la dei tøyet i bekken for å få ut all såpe, så rulla dei det på ei vinde som sto ved bekken. Hengde det så opp til turk, og til slutt kjemde dei overflata på tøyet slik at den vart glatt og fin. Ein bonde frå austlandet fekk ros av landhusholdningsselskapet da han bygde ei vassdrive stampe sist på 1700-talet, «Slik at bøndene kunne slippe å stampe sitt vadmel med føttene». Ved stamping av ni meter tynt vove vadmål brukte dei rundt to timar på jobben, dette vart da til finklede. Tjukk vadmål som vart brukt til arbeidsklede stampa dei gjerne i ti-tolv timar, og det krympa 30-50%. Vadmål var ei handelsvare som òg var brukt for å betale skatt. I 1668 var Dovre skyldsett med 84 alen ( 52,5m ) vadmål. Garving av skinn kom til Norge rundt år 1400. Semsketeknikken bestod av at ein fjerna håra frå friske flådde skinn ved å bruke kalk. Så vart skinna smurt inn med feitt eller tran som garvestoff, og lagt i stampa eller banka med ei klubbe. Skinnet vart da mjukt og smidig. Så vart det behandla med sandsteinar eller smergel slik at skinnet vart matt og fløyelsaktig. Det var skinn av småfe og slitesterke skinn av vilt som vart semska. I Dovre har det vore to stampar i Tungbekken, ei i Einbugga, og Gunnar Rudi nemner at det var ei stor stampe i Ilka. Truleg har det vore fleire stampar rundt om, sjølv om stamping nok var eit arbeid folk betalte for å få gjort. FARGERI Fargeria låg helst ved ei elv eller å, da det gjekk mykje vatn for å skylle ut overskotsfarga. Dei brukte ein stor koparkjele med vatn i, fyrst hadde dei oppi farge så la dei heile veven eller garnet oppi. I byrjinga hadde dei kun plantefarger, men etterkvart vart det fargar å få kjøpt. Fargenavn som bressel, gulspon, blåstein, kali, katigo, magintablått og kochenille bestilte ein frå Hamar og Oslo. Det var ikkje lett å blande fargene slik at det vart rett styrke, og at heile partiet vart farga jamnt. Etter farginga måtte veven gjennom ei stampe og ei presse. BLÅ RUTE!!!! Plantefarging er eit gamalt handverk som var i bruk over heile verda. Det er funne indigofarga band hos mumiar i gammalegyptiske gravar. I Norge vart det i år 834 funne i grava til to vikingkvinner ein ask med vaidfrø. Funnet peikar mot at det vart dyrka vaid for å få blåfargar i Norge i vikingtida. "Baldisholteppet" er datert til 1040-1190, og har store felt med blå farge, som mest truleg er fargestoff frå vaid. Vaid er opphavleg ei plante frå steppe- og ørkenområde i Asia. I Europa vart det ei kulturplante som gav eit viktig levebrød til bønder. På 1600-talet fekk vaid-dyrkinga hard konkurranse frå importert indigo som gav meir fargestoff per kilo blad enn vaid. Krapp, ei plante frå maurefamilien, har vore dyrka for raudfarga i røtene. Eksport og import av fargestoff har vore ein del av ein verdsomspennande handel. Korkje, ein lavart dei samla og turka på vestlandet, før laven vart eksportert til England, Skottland og Frankrike for å skapa raudfiolett farge. Dei små raude kulene var ein viktig norsk eksportartikkel, fram til 1700-talet da lavarten nesten vart utrydda. I tillegg til handel med fargestoff var handel med ferdig farga tekstil svært utbreidd. I Bergen vart det etablert eit lag for fargarar i 1618, og det vart fleire mindre fargeri. Plantefarging var og ein del av kvardagslivet der folk gjekk ut i den lokale floraen og plukka det dei trong for å farga garn og tekstilar heime. Kunnskap om plantar som har vore brukt frå norsk flora er bevart gjennom fleire utgjevingar. (((( Norsk fargebok av Kristiane Frisak (1894), Norske *plantefargar av Johanne Nylænd (1905) og Lærebok i *farvning med plantar av Hilda Christensen (1908). Den sistnemnde har vore læreboka til kunstnaren Hannah Ryggen som brukte sjølvspunne og plantefarga garn i sine store billedvevstepper.)))
Eiere:GG Merete ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:MK, Arnfinn Sønstebø

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Foto: