Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Stavåe, Lenna og Skrugstadbekken.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:926
Område:Østsida nord for Grimsdalsvegen.
Plassering:Budsjord, Skrugstad og Lindsø
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Å
Historikk:Både Stavåe og Lenna kjem frå Torvmyre ved "Klovnestein" fremst i Einbuggdalen. Like heimafor Haugjesætre (0514902-6877039) deler dei seg i kvart sitt far. Lenna går nordafor Stavåe.
LENNA: Ein vil skrive Lenna i denne boka, det er uttala på Dovre. Hjå kartverket brukar dei Leina. Lenna kjem ned mellom gardane Haugje og Budsjord, tildels i eit gjel på det brattaste. Renn ned på nordsida av Lannem, lagt i røyr under E6 og YX Dovre og ned i Lågen. Stigen opp Rustmorka langs med Lenna, sør for Haugje heiter "Brattstig", og ber namnet sitt med rette. Lenna er ofte flaumstor om våren, ikkje unormalt at ho går over sine bredder. Det har lett for å "kjøve" ved Haugjegardane, ofte så mykje at isen trugar husa. Lenna har vore viktig til alle tider, som drikkevatn, vatnarvatn, kvennbruk og oppgangssag til gardane i området. Ner-Haugje har moderne vatningsanlegg med naturleg trykk frå Lenna.
STAVÅE: Stavåe kryssar "Monveigen" før ho slepp seg utover og kjem ned mellom Uppå Lindsø og Vorkinn. Nede på flata ved E6 renn ho noko sørøst og kjem ned i Lågen like nord for "Kloppebakkjin". Like etter at ho kryssar "Monveigen" kjem ein til "teppa", der vassvegen til Tofte startar. Det har mest truleg vore kvenn i Stavåe for Lindsøgardane, men det var nok ustabil vassføring. Vatnarvatn har det og vore frå Stavåa. I dag har både Vorkinn og Lindsø moderne vatningsanlegg med naturleg trykk frå åa. Stavåe kan vera flaumstor, og det "kjøver" mykje kvart år nede på dyrka marka ved E6.
Mellom Lenna og Stavåe er det ein mindre bekk, Skrugstadbekken, den kan vera turr på turrsomrar. Her frå var det laga vassrenner i tre som låg på stativ ned til Budsjord, for å skvette vatn utover jorda. Desse sto nok til utpå 1950-åra. Det er teke vare på fleire skjeltreku på Budsjord.
Eiere:Merete ABj GG
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:MK, Håkon Lindsø

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Lenna til høgre, Rådåe til venstre Feb 23 Foto: Mk