Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Tørrstugu.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:920
Område:Vestsida sør for Jøndalen
Plassering:Dovre
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Tørrstugu
Historikk:Ei tørrstugu var eit lite hus, der dei turka kornet etter att det var truska. Kornet måtte være turt og sprøtt før det kunne malast på kvenne, og det beste mjølet fekk ein dersom kornet vart mole så raskt som mogleg etter turking. Fyrste måten å turke korn på var å ha kornet oppi ein uthola trestokk saman med oppvarma steinar. Her måtte det rørast kraftig. På 1600-talet kom tørrstugu med ein omn av kleberstein, oftast bygd av grovt tømmer, 12-16 kvadratmeter og med torvtak. Ei tørrstugu vart og brukt som badestugu, eller ein kunne steike brød i varm stor omn. Klede som trengte ei form for reinsing kunne ein henge opp i tørrstugu eit par dagar. Men utanom kornturking var det vel turking av malt til øl, ho vart mest brukt til. Inne i huset var det ein omn som stod midt i rommet. Den var helst bygd av kleberstein, mura i fleire etasjar og enda som pipe oppe på taket. Det var fleire luftehol i slike omnar. Brennrommet var heilt nede på golvet med god plass til ved. Kleberstein har ulik kvalitet. Her i området henta dei nok beste steinane frå Sel. Stein frå Dovre hadde dårlegare kvalitet. Det kunne òg vera vanleg stein dei mura enkelt opp, og fyra under. Da hadde dei ikkje pipe, derfor vart tørrstugu full av røyk, og veggane heilt svarte av sot. På veggen rundt omnen var det ofte to høgder med skiferheller, som kornet vart lagt utover på. Desse heldt godt på varmen. Minst to veggar måtte ha røykglugg, den eine måtte vera open under turking, da det nok vart røyk inne i rommet. Dei fyra hardt i omnen, og ein person måtte rake i kornet jamt og trutt med ei "trespø". Kor lang tid turkinga tok, kom an på kor tjukt lag med korn dei hadde, og kor hardt dei fyra og raka. Det kunne nok gå eit par dagar på arbeidet. Om kvelden tetta dei pipa ved å legge på ei helle som dei tetta godt rundt. Neste morgon lufta dei ut røyken, og sopa kornet ned i striesekkar eller skinnhit. Nå var det berre å vente på at det vart nok vatn i bekken, så malinga kunne starte. Brannfaren gjorde at tørrstugu låg eit stykke frå garden. Vi har og funne tørrstugu som ligg vegg i vegg med kvennhuset. Ei tørrstugu var nok ofte eigd i lag av fleire gardar. Her i norddalsbygdene var det ganske vanleg at kornet vart turt på rot, da sparte dei arbeidet i tørrstugu. Maltøl Kornet dei brukte til maltøl var bygg, og det var ofte om våren dei bryggja. Malt er korn frå bygg som har spira, gjerne tilsett litt rug. Det var det tyngste og beste kornet som vart til øl. Kornet vart fylt i sekkar og lagt i bekken eit par dagar, før det vart lagt utover eit golv for å spire. Etter spiring venta tørrstugu. Mykje varme og rørsle i maltkornet eit par dagar var viktig. Det vart ei god søtleg luft ved tørrstugu av dette. Så mol dei maltet grovt på kvenne, før dei hadde det oppi gryta med vatn, einer og humle. Gjær vart blanda i når ølet hadde rett temperatur. Når ølet var ferdig gjæra, sa dei at det buldra. Maltet som vart att, baka dei "maltkaku" av.
Eiere:Red GG Merete ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:MK, GG,AB

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Redskap brukt i Tørrstugu, bilde frå Lorkvenne. Juni 23 Foto: MK