Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Tømmerfløyting.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:910
Område:Dovrefjell sør for E6 til vannskillet.
Plassering:Lågen
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Tømmer fløyting
Historikk:Fløyting av tømmer vart brukt når dei skulle flytta det over lengre strekningar. Ein veit om fløyting i Drammensvassdraget allereie på 1300-talet. Her i dalen starta det nok eit par hundre år seinare. Det er grunn til å tru at Lågen òg frå dei eldste tider var brukt til fløyting, og at dei brukte båtar. Siste tømmerfløytinga i Norge var i Skiensvassdraget i 2005. Stort sett tok fløytinga slutt på 1960-talet, da det vart bygd skogsbilvegar og transporten gjekk med tømmerbilar.
På 1600-talet utvikla sagene ved kysten seg for eksport av tømmer til utlandet. Oppkjøparane måtte derfor lengre og lengre opp i vassdraget for å skaffe nok, grovt sagtømmer. Fløyting vart ein effektiv måte å få tømmeret fram på.
Lesjaskogsvatnet er Lågens kjelde. På 1700-talet vart vatnet demd for å få nok vatn til Lesja jernverk. Mesteparten av vatnet rann da mot Lågen, og det vart mogleg å fløyte tømmer etter elva. Fløytinga gjekk føre seg i vårflaumen. Det vart kort varsel for fløytarane, ofte var det berre ei kort periode det var nok vatn. Det måtte og fløytast ned frå side-åene. I dei var det oftast laga fløytingsdammar og gjort "opprensk" i sjølve åfaret. Dei måtte ha nok vatn og fart når dei slapp tømmerlunna. I elva gjorde dei og førebuingar før fløytinga, ved å legge ut lenser der dei visste at tømmeret gjekk på land, grunne eller inn i ein avkrok. Dei laga fløytingsdammar i elva der det var viktig å få fart på vatnet. På 1950-talet starta fløytinga ved Bottheimsbrua på Lesja. Etter kvart og frå Bjøknebrua på Lora. Her gjorde dei forbetringar i elva med bulldosar i 1958, fordi elva var for svingete, stilleflytande og grunn. Det var mykje arbeid med tømmeret før det var klart for fløyting. Det måtte hoggast og køyrast fram på vinterstid, barkast og leggjast opp i lunner/tømmervelter. Tømmermålarar kom for å merka og måle opp tømmeret før "fløyten" kom. Tømmeret frå Nord-Gudbrandsdalen kom samla til Lillehammer Lense, som sendte det vidare til rett sagbruk. "H.J.Holst var i 1733 eigar av eigendommen Folldalen, det halve i Gudbrandsdalen og det andre halve i Østerdalen. Han håpa han kunne skaffe nok tømmer til eit sagbruk han eigde nord for Christiana frå skogane sine ved Dovre." Omkring 1875 fløyta dei det meste av tømmeret over Mjøsa til sagbruk i Sarpsborg og Fredrikstad, fordi det var lettvint å fløyte dit. Sagbrukseigaren eigde og oftast skogen oppover dalane. Det var furu dei ville ha. Furu var "for værdifull til at males eller kokes til træmasse og dets like". Det har vore fleire store oppkjøparar av tømmer og skog i Dovre og nabobygdene. "Rik-Hjellin" - Tosten Olsen Hjelle(1669-1747) dreiv stort, Cæsar Langåsen dreiv rundt 1870 mest på Lesja, og Ola H. Jøndal (1864-1937) dreiv fram til 1920-talet, mest på Dovre. Oppkjøparane hadde eigne folk i arbeid både i skogen og under fløytinga.
FLØYTARANE: Dei karane som dreiv i skogen om vinteren og arbeidd med tømmeret, var og med på fløytinga om våren. Ein fløytar hadde yrkesstoltheit, var både sterk og uredd. Fløyting gjekk ut på å balansere på rullande og glatte stokkar og steinar i elva. Fløytaren måtte vera på plass om det danna seg vasar med tømmer. Vasane måtte han prøve å løyse opp, for å få alt til å flyte vidare. Kvar fløytar hadde ein lang "fløytarhåkå" som han kunne dra, styre og skuve stokkane med. Fløytarane hadde ingen uniform, men dei fleste brukte vadmålsbukse og busserull, der berre øvste knappen var knept. Dei brukte sjølvlaga neversko før støvlar og pluggsko kom. Neversko var gode på tømmeret, vatnet rann ut att, og dei var ikkje glatte. Pluggasko kom før støvlane fyrst på 1900-talet. Men støvlane vart fulle av vatn, tunge og glatte, så karane skar ofte eit hol i dei før bruk. På hovudet hadde dei hatt med smal brem. Tidleg om våren brukte dei ullhuve eller sixpenshuve. Fløytarane hadde med seg ein sekk med noko klede i, og skikkeleg mat som spekekjøtt, brød og mjølk. For ikkje å gløyme "kaffikjelen". Livet som fløytar kunne nok vera triveleg når det var tid til kvile. Kaffe, ein dram og ein "liten fest" i vår veret. Til slike leirplassar kom det ofte fastbuande innom. Det var vatnet og tømmeret som bestemte kviletida. Dessverre gjekk det nok med fleire liv under fløyting.


Ved ein vase var det viktig å kome til tidleg, og å kunne dei rette "triksa". Det var stokken under vasen som heldt alt. I verste fall måtte ein bruke dynamitt på vanskelege vasar. Det var farleg og det gjekk tapt mykje tømmer. Ein fløytar kunne bruke fløytarsela og bli senka ned på vasen av dei andre karane, da kunne dei unngå å sprenge. Fløytarane arbeidde på akkord. Det var derfor viktig at alt forarbeid var gjort skikkeleg. Tømmervelta måtte vera lagt opp slik at alle stokkane gjekk i vatnet samtidig. Her kunne ein spare mykje tid. På 1930-talet fekk dei fløytingstelefon slik at dei fekk varsla nedover i vassdraget. Dette gjorde ventetida litt enklare. "Husbonden" er den gamle yrkestittelen til han som var sjefen og leia arbeidet i fløytingselva. Husbond betyr at den mannen var godt innarbeidd og anerkjent i yrket sitt, og kanskje litt spennande og mystisk. Det var privat, felles fløyting for tømmerleverandørane i Lesja og Dovre, frå Bjøknebrua til Talleråsbrua. Dei fløytarane som var med på fellesfløytinga frå Talleråsbrue var nok med på turen frå Lesja òg. Frå Talleråsbrua kom Glommen fellesfløytningsforeining inn og overtok ansvaret. Dei fleste fløytarane var med heile turen til Lillehammer Lense.
Gjennom Dovrebygde var det nok Dombfossen som var vanskelegast å passera. Ein har høyrt at det var ein stor lunne her i 1874, og at det vart lite fløyting fram til hundreårsskiftet 18-1900. I mai 1961 la det seg opp 2,5-3 tusen kubikk med tømmer i Dombfossen. Hans Leirflaten var husbond, og fortel til avisa Dagningen at alt tømmeret vart slått på elva da godværet kom for nokre dagar sidan, men så slo kaldværet inn og all fløyten stoppa i Dombfossen. Dei jobba heile natta, men måtte bruke dynamitt til slutt. Det førde til at alt tømmeret gjekk i fullt driv nedover Lågen. Fløytarane hadde si fulle hyre med å halde reint ved bruene. Ved Ulekleivsbrue og Killibrue gjekk det akkurat, men Toftemobrue greidde dei ikkje. Ho lausna og vart med straumen ned til Midtbygdbrue. Der stoppa ho opp ved eit brukàr så tømmeret kom ikkje forbi. Det vart full krise, men så plutseleg "tok ho åt" og tømmeret likeså. Neste bru nå var Krogstadbrue som gav etter for Toftemobrue og tømmeret. Folk som kom etter vegen såg Krogstadbrue kome nedover Rosten. Brua vart ikkje sett opp att.
I Dovre var det nok mange som var med på fløyting nedover heile Gudbrandsdalen. Ein har ikkje mange namn, men kan seie litt om Edvard Leirflaten. Han var født på Dovre nyttårskvelden i året 1876. Han vart halden for å vera ein flink og uredd fløytar. I skogen om vinteren kasta han trøya og hogg i skjorteermane. På spørsmål om kor lenge han dreiv med dette arbeidet og kva lønn dei fekk svara han: "Det var full kring 50 år, æ von. Å vi sleit vel eit par kroner dagen ved hundreårsskiftet, tenkjer eg. Føre 1914 kunne vi koma opp i 2,50 og 3,-." BLÅ RUTE!!!! Ole Enkerud, tømmermålar, fortel: "Tømmermålarane eller annammarane, som karane vart kalla frå gamalt, måtte sjølvsagt ha med seg stikkbok og blyant for å prikke inn midtmål, toppmål, og lengda på stokkane. Vanlegvis var tømmermålarane to mann. Ein som brukte klaven og han som hadde stikkboka. Leverandøren hadde med seg ein eller to mann til å slå på øksene med eigarmerke, og øks med prikk for eventuelle trekk. Var det ein leverandør som hadde berre eit lite parti, leigde han gjerne med seg berre ein mann og var med sjølv attåt. Den som brukte klaven gjekk på midten av tømmerflaket. Han ropte opp litermålet på stokken og prikk for trekk. Han som hadde stikkboka gjekk ved sida og svara med å rope det same. Dette for å halde kontroll på at det vart riktig det han prikka inn i stikkboka, "15-15-16-16, prikk-prikk." Ofte var det fleire sagbruk som kjøpte tømmer frå same elva, og dei måtte ha med tre merkeøkser for kvart firma. I tillegg hadde dei med ei hoggøks og ei ringøks/straffeøks. Straffeøksa bru kte dei om stokken hadde synlege feil det skulle trekkjast for. Kvar tømmermålar hadde sitt personlege nummer inngravert i ringøksa/straffeøksa. Nummeret vart slege inn i stokken. Om det vart kontroll, visste inspektøren kven oppmålaren var. Det skulle kraftige slag til for å få godt synlege merker i stokken, og det skulle vera 18 merker fordelt utover stokken, slik at det var lett å sjå kven eigaren var når tømmeret kom på lensa og skulle sorterast." Stikkboka vart brukt ved måling av tømmerstokkar, ho hadde rubrikkskjema der dei kunne "stikke" inn måla av kvar stokk, lengde målt i halvmeter og diameter målt i centimeter. Furu og gran hadde kvar sitt "stikk", og både seljar og kjøpar var "stikka" inn i boka. BLÅ RUTE!!! Leif Hage (1946) skriv: " Våren var ei særlig artig tid for oss guttunger, med tømmerfløytinga som eit stort høydepunkt. Det var spennende å se de voksne, hardbarkede karene balansere på urolige stokker ute i den strie strømmen. Ikke minst var det imponerende at de klarte å løse opp de mange og store "flåkåan" som hadde bygd seg opp. For eksempel nordafor Stor-øye ved Faksfall. Men noen ganger hendte det at de måtte bruke dynamitt. En gang husker jeg det var dramatikk. En stor lunne hadde lagt seg ved Ulekleivs-brue, og det var en stund fare for at brua ville "struke". To av de mest erfarne fløytaran, basen Hans Leirflaten fra Heidal og Mauritz Fossmo fra Fåvang tok av seg gummistøvlene, og stod bare i sokkelesten og hogg løs de stokkene som var mest gjenstridige, Brua var reddet. Men mest liv var det da karene "tok kveld", og samlet seg rundt bålet med kaffelars og kanskje en "dokter". Eit slikt leirsted var det bl.a ved Killi-brue. Mens gjennomvåte klær ble tørket, ble det fortalt kveldseto-stubber, som ikke egnet seg til gjenfortelling hjemme. En flokk nysgjerrige smågutter hadde "lange ører" og mange fikk utvidet sitt vokabular. Her ble det spilt både torader og munnspill, og det ble sunget sørgemodige "frem fra glemselen-viser", eller annet med mer lystig innhold. Det store muntrasjonsrådet var som nevnt Hans Leirflaten."
BLÅ RUTE!!! "Kalaset på Killisand" frå boka Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen av Audun Høgbrenna: "Pinseaften 1964 var det bestemt ein liten fest ved elvekanten, men vassføringa minka så karane vart samde om å innstille til det vart meire vatn. Festen vart difor utsett til fløytinga kom i gang att. Det var opphald nokre dagar, og da dei møttest att, og nærma seg Killibrua vart det bestemt at dei skulle ta festen her, det var laurdagskveld godt ver og gauken gol. Ein kar som hadde vore eit ærend på Lillehammer kom nedåt elva med ei kasse "langhalsa lillihammerjento" under armen. Karane slo opp telt, tok seg ein "klonk" og alt var som det skulle vera ein festkveld. Helge Norderhus måtte heim denne helga, men han fekk høyre referat frå festen, og opplevinga var nesten like stor for han som for dei andre. Karane hadde gjort opp skikkeleg stokkvarme og sat rundt varmen og kosa seg utover kvelden. Dei sat så lenge at dei fekk lyst til å sjå kven som var den sterkaste. Det skulle slåast fast med eit realt ryggjetak, og snart var kampen i gang. Etter fleire basketak sto det att to mann som såg ut til å vera like sterke. Dei gauv i hop att for her skulle det kårast ein vinnar før morgondagen grydde. I iveren etter å vinne sparka ein av kamphanane bort i ein stokk, og det bar rett inn i glohaugen med båe to. Den eine på ryggen i eldmørja, og den andre på magen oppå. Det var så glo-regnet dreiv ut av glohaugen. Han som vart liggjande oppå vart så fortumla at han sette båe nevene i glohaugen for å kome seg opp att. Da det leid på dagen vart kroppen køyrt til doktor, men han ville ikkje til Dombås, så han vart skyssa til Otta og stelt og forbunde der. Han godtok ikkje sjukmelding, og heldt fram å fløyte med båe nevane innreiva i gasbind. Kameratane måtte lage "rullings" og tenne på når det trongst."
Eiere: GG Merete ABj Lest og red 16.10 GG
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:KILDE: Verdier i vekst (Mjøsen skog 100 år), Under Kroners tak (Mjøsen skogeierforening), Wikipedia
Kilde:Dovrebygde 1999, Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen av Audun Høgbrenna, Mjøsen Skogeierforening 1909-19

Registrert av:m killi

Krokstadbrua forsvant 31. mai 1961 i forbindelse med tømmerfløyting 1. juni 1961 Foto: ? Lånt av Gunnar Bjørke