Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Bankehytta / Sl - 1756 mRudimåsåhuset - 3083 mSætromsmåsåh - 3085 mVed vegen til L - 3401 mNistugumåsåhu - 3403 mBottmåsåhuset - 3456 mStuguflotbua - 3640 m

Opplysninger om Siljehaugen, Stordalen og Nistugu Rindal .

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:907
Område:Østsida sør for Grimsdalsvegen.
Plassering:Ryddølsåe
Koordinater: 32V 0518191 6867111
Bruk: Vatnarvatn
Historikk:For gardane i Skogagrende er det ikkje nokon nær stad det kan hentast vatn frå. Næraste å eller bekk er Ryddølsåe. Dei nørdste bruka kunne hente vatn frå kjelder oppunder Gråura, ellers var det grave brunnar. Matr. 1723: Åkrane for heile grenda er «tørlændt», så det har i alle tider vore behov for å tilføre jorda vatn. Fyrste gongen ein finn dokumentasjon på vatning er når tinget har synfaring i Nistugu Rindal i 1752. Det er Jørgen Guttormsson og Arne Jonsson som driv kvar sin halvdel. Dei fortel at dei må yte arbeid på «vasstaket». På garden Siljehaugen inngår brukaren Johannes Eriksson ei avtale med eldste stesonen Ole Bondesson i 1776. Ole Bondesson skulle få overta halvparten av bruket når han vart myndig, mot ei erstatning på 30 rd for ei vassleidning som Johannes Eriksson hadde kosta. I taksten etter Storofsen står det at vassinntaket til garden er øydelagt. I 1809 var det inngått ei avtale om felles vassleidning mellom gardane Siljehaugen, Stordalen og Nistugu Rindal: ' «Efter Som vie samtlige Nemligt: Ole Jøgensen Stordal, Ole Bondesen Silliehougen og Peder Engebretsen Rindahl, andgaaende et Vandtag som vi alle til sammen har Bekostet, Dog på de vilkaar, at Ole Jørgensen Stordal skal have en Fjærdedeel af Vandet som gaaer hjem af dette Vand, Peder Engebretsen Rindahl skal have En Fjærdedeel af samme Vandtag, Ole Bondesen Silliehougen skal have saameget allene som de før Om Mælte har begge til sammen. Dog Forbinder Peder Rindahl sig til at Tage det for fornødne til Vandets Reparation, paase sit Eget Grund, saa at ingen af Partene for samme Vand, skal blive fornærmet i Nogen Maade. Saa forbinder vi os alle til sammen, at ifald Nogen af os skulle blive forsømmelig med at Reparere og istandsætte det for Nødne til dette Vandtag. Og ey oppfylder hvad Som sin Deel tilkommer men utebliver fra samme, skal blive Gandske og aldeles, fra samme Vand foruden nogen Erstatning, og der mere at have eller Eye. Da vie alle samtlige dette Underskriver og Bekræfter i Vidners Overværelse. Silliehougen den 29de October 1809. Ole Bondesen Silliehougen, Ole Jørgensen Stordal, Peder Engebretsen Rindal. Til Vitterlighed: Lars Poulsen Sætrom og Erik Johannessen Silliehougen» I 1828 er det utskifting og grensesetting av skogen mellom Siljehaugen og Stordalen. Der står det: «Og Vandledningen som gaar ud af Rødølsaaen, som tilhører Gaarden Silliehougen, skal av Stordalens Gaardbrugere, være frie og ubehindrede.» I 1829 var det inngått ei ny avtale med same ordlyd som i 1809, men nå er det Erik Jørgensen Stordal og Mikkel Gundersson Stordal som representerer Stordalen. Garden har nå vorte delt. Ola Volden (1927) hugsar at han som unge var med opp i skogen ovanfor Siljehaugen. Da gjekk dei under ei vassrenne som kryssa ein veg, og det draup vatn ned på dei. Det er mykje dokumentasjon på at vatn har vorte henta frå Ryddølsåe. Og i Ryddølsdalen er det mange spor etter kvar vassrenner har gått. Ein har funne gamle uthola trerenner, og nyare renner som er spikra samen av to bord. Johannes Rindal (1921-2014) har fortalt at restar av trerenner over ura var synlege for lenge sidan. Ryddølsdalen er her eit djupt gjel, terrenget er grovt, det gjorde det umogleg å grave grøfter for å lede vatnet i, dei måtte bruke trerenner. Vatnet vart henta på 640 m.o.h. Etter at rennegangen forlet åa går den over ei stor steinur. Her går det ofte ras og ein kan sjå restar etter knuste renner under store steinblokker. I framkant av ura er det mura opp ein tydeleg steinmur (0518171-6867087) som er rundt 20 meter lang og to meter brei. Kanskje vart vassrennene som låg over ura lagra her om vinteren så dei ikkje skulle bli øydelagde av ras om våren. Her kjem det og ned ein godt opparbeidd hesteveg frå Siljehaugen. På folkemunne er det fortalt at det var Syver Fredriksson Rindal (1869-1956) som leigde folk til å ruste opp denne hestevegen ned til åa. Lengre inn i Ryddølsdalen eigde han ein skogteig. Kanskje kunne ein få fram noko av skogvirke med hest på åa når den hadde frose til om vinteren, og bruke hestevegen opp og ut av gjelet. Lenger framover ser ein opplagt stein som rennene har lege på. Ved ei av dei fyrste av desse er det opplagt som eit dele (0518182-6867032) der ei renne gjekk rett fram, og ei gjekk bratt ned mot åa att. Hovudrennegangen heldt fram nedover dalen og på 600 m.o.h. kjem den over kanten på gjelet. Frå her er det ingen spor etter vassvegen, det er skogsterreng, det er drive hogst og det er bygd skogsbilveg. Vassvegen har nok gått nord og ned mot Siljehaugen, med ein avstikkar ned mot Stordalen. Vassvegen sluttar nord for Siljehaugen, i grensa mellom Siljehaugen og Nistugu Rindal. Her går det ei grøft nedover i eigedomsskillet, og alt overskottsvatn kunne renne her utan å gjera skade. BLÅ RUTE!!! "I omtala av vassvegar til Siljehaugen, Rindal og Stordalen ser ein at det har vore eit dele på rennegangen (0518210-6867018). Der har eine rennegangen gått bratt nedover mot åa att. Her kan det vera ei tuft av steinar, eller kanskje vatnet har spyla fram steinane. Kvifor denne siderenna er her veit ein ikkje, men ein kan tenkje seg fleire alternativ: 1. Dele på vassvegen kan og ha fungert som ei teppe, ved at dei kunne regulera vassmengda ned til gardane. Kanskje kunne ein her "legge tå" vatnet dersom ein fort måtte stoppa det. "Tufta" kan da vera at steinane rett og slett er vaska naturleg fram. Lengre framover kunne vatn på avvegar føre til ras i dei bratte dalsidene. 2. Kan vatnet ha drive ein kvennkall her? Etter Storofsen vart truleg alle kvennene langs Ryddølsåe øydelagt. Kan det ha vorte sett opp ei enkel felles kvenn, i all hast her? Ein må tru at bygging av nye kvennhus, graving av nye kanalar og dammar tok tid. 3. Kan det ha stått ein vassdrive slipestein her? Det var mange trerenner som måtte lagast og skiftast ut. Det var viktig med god og kvass reiskap, slik kan "tufta" ha vore ein slipestein drive av ein kvennkall, der arbeidet med rennene føregjekk. Når ein noko lenger ned les om furutrea skjønnar ein kor mykje arbeid det var å få laga ei god vassrenne. 4. Eller har det vore noko anna her som ein måtte ha rennande vatn til?" På same turen oppdaga ein nokre furutre som sto på gjelkanten med eit sår/spor i stamma. Dei står rett opp for der rennegangen hadde lege. Skadane på trea er påført av folk, ein kan tenke seg at ein vaksen person har drege ei øks nedover trestamma slik at det blir eit spor heilt ned mot rota. Dette er tre som nå kan vera fleire hundre år gamle. Etter som trea har vakse har det vorte daud ved der skaden er påført, på sårkantane har det danna seg "kvåe". Mest truleg er desse trea tenkt brukt til vassrenner. Det vil vera lettare å hogge ut den daude veden, og treet vil halde lenger da "kvåen" beskyttar. Å klargjera trea på denne måten er ein langvarig prosess men trea kunne berre stå til den dagen ein hadde bruk for dei. Og dei som laga trerenner her på 1700-talet trudde sikkert at trerenner ville ein ha bruk for i all framtid. Hausten 2022 fekk vi med oss nokre karar med skogs-erfaring, Steinar Moldal, Ivar Teigum, Jostein Espelund og Ragnar Bjertnæs. Konklusjonen vart: "Eit tre er det ikkje gjort noko med hvis det ikkje blir til noko forbedring av treet."
Eiere:Red GG Merete ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:MK, AB

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Frå v: Anders Bjørke, Jostein Espelund, Ivar Teigum og Ragnar Bjertnes Sept 2022 Foto: MK