Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Bankehytta / Sl - 1455 mBottmåsåhuset - 3072 mStuguflotbua - 3262 mNistugumåsåhu - 3303 mStordalsmåsåh - 3595 mKuvheim - 3620 mVesl-Brennmåsà - 3645 m

Opplysninger om Pladsen 59/1-2, Uppistugu Rindal Nedre 60/1.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:901
Område:Østsida sør for Grimsdalsvegen.
Plassering:Ryddølsåe
Koordinater: 32V 0518195 6866475
Bruk: Kvenn
Historikk:Denne kvenne ligg øvst av kvennene i Ryddølsdalen, ho ligg på ei flate på nordsida av åa, lengst inn mot dalsida. Ovanfor kvenne ser det ut til å ha vore ein kvenndam av lafta tømmer. Vatnet kom gjennom ei 150-200 meter lang grøft frå ei demning i åa. Grøfta heldt fram forbi denne kvenne, og gav dermed vatn til fleire kvenner nedover. Kvenne har vore eigd saman av fleire gardar: Nedre Pladsen 59/2, Mellom Pladsen 59/1 og Uppistugu Rindal Nedre 60/1. I eit skøyte frå 1869 der Nedre Pladsen vart seld står det: "samt alle til- og underliggende Herligheder, hvoriblandt spesielt udhæves Andel i Kværnbrug, herefter følger og tilhøre Kjøberen Syver Olsen Pladsen og Arvinger til Odel og Eiendom". I kjøpekontrakt frå 1878 mellom seljar Sivert Pladsen og kjøpar Johannes Johannesen Skrædderbrænnden står det i eit av avtalepunkta: «Kjøberen skal, som Gaardens fremtidige Eier, have Andel i Kværnebrug for 1/4- en Fjerdepart af det saakaldte Plads-Kværnhuus imod at han for sin Andeel er med og vedligeholder Kværnebruget, der er fælles med Ole I. Rindal og Syvert Pladsen og beroende i Røddølsdalen.» I kontrakt frå 1932 der Olav Pladsen er kjøpar står det: "Videre medfølger (…) en 1/3 dels Rettighet til Kvernbruk i Rødølsådalen saman med Mellomplassen og Rindal (nedre)." I 1930-åra vart nok behovet for kvennhusa mindre, då det i ei avtale frå 1935 er skrivi: "Undertegnede eier av Pladskverndammen i Rødølså gir herved Helmer A. Stordal og J.T. Rødølen fuld og uinskrenket rett utan nogen godtgjørelsle herfor, for fremtiden å disponere nevnte kverndamm efter eget forgodtbefinnende. I tilfelde at Rindal nedre for fremtiden skulde ønske å opføre nytt kvernbruk i Rødølså forplikter grunneieren, J. T. Rødølen sig til å avstå den nødvendige grund hertil utan nogen godtgjørelse herfor, samt fri veirett hertil. Brennhaug den 26-5-1935 Som grundeier J.T. Rødølen. Som eier av kvernbruket O.J. Rindal". Stordalskvenne vart bygd opp att til eit felles kvennhus i 1930. Alle som hadde kvenn i Ryddølsåe vart med i dette møllelaget, og dei gamle kvennhusa vart teke ut av bruk, slik og med Pladskvenne. Møllebruket vart oppløyst i 1935, og maling av korn vart gjort på dei store møllene. Stordalen og Ryddøla bygde mølla om til kraftverk i 1935. BLÅ RUTE!!! "Johannes Rindal (1921-2013) har fortalt om bruken av kvenne. Når oldefaren hans, Ola Ingebrigtson (1837-1902), reiste etter "måså" oppved Kuva tidleg om morgonen, tømde han på korn på kvenne. Da han kom ned att var kornet male. Han hadde og på att om kvelden, og kvenne gjekk utan tilsyn til neste morgon." BLÅ RUTE!! Randi Hovde Ulheim har skrive: "BRINGEBÆRHOLET. Steinar hadde hørt om ein stad døm kalla Bringebærholet oppi Ryddølsmorka, men visste ikkje akkurat kor det låg hen. I elgjakta 2015 skulle han sitja på post, og gjekk ned stigen i fyste svingen i Svartdalsvegen. Det var bratt ned der, men nede ved åa var det ei fin lita frodig slette der det voks bringebær. Her var det rester etter hafelle (gjerde). Det var fortalt at det var lærar Syver Fr. Rindal som hadde planta bringebær der (fortalt av Karl Breidal). Han var ein nokså spesiell fyr som hadde mange rare idèar. Det var han som hadde med seg skuleelever for å plante buskfuru bl.a. oppi Breidalsteigen ved hestevegen til Svartdalen. Kanskje hadde han med seg elever for å plante bring også? Er sjølvsagt ikkje hundre prosent sikker på at dette var Bringebærholet, men mykje tyda på det. Han satte kanskje opp hafelle rundt for at ikkje elgen og beitedyr skulle forsyne seg av buskene." BLÅ RUTE!!!! "Syver Fr. Rindal prøvde og å få til ei avtale med Ryddøla om bygging av eit drivhus for dyrking av varmekjære grønsaker innmed dalen her, men etter ein kveld med alkohol vart planane skrinlagde."
Eiere:Red GG Merete ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Anders, Randi Hovde Ulheim, Ola Rindal

Registrert av:m killi

okt 2021 Foto: MK