Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Rudiåe.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:886
Område:Østsida sør for Grimsdalsvegen.
Plassering:Rudigjelet
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Vatn
Historikk:Rudiåe kjem ned på austsida av dalen, i eit tildels djupt gjel. Ho renn ned mellom gardane Rudi 56/1 og Langdalen 57/1, og ut i Lågen. Kringlotbekken kjem frå myrer og småvatn ved Grønbakkekollen, og Nysæterbekken kjem frå myrer ved Åsaranden. Dei renn saman(0518349-6871898) og blir til Sjugurdsåe. Ved Gammelsætra kjem Gammelsæterbekken òg ned i Sjugurdsåe (0516700-6871199), og saman blir dei til Rudiåe. Gammelsæterbekken har vatn frå Stavåstjønne. Den renn forbi dyrkingane inne på Flatåsen og samlar opp vatn på veg nedover. Bekken har gjeve vatn til vassvegar for gardar i grenda. Kvannbekken kjem frå Måsåhustjønne innafor Langdalssætre, renn òg ut i Rudiåe.
Der ho renn ut i Lågen er det ei vifteforma avsetning etter at innlandsisen smelta. Åa har grave seg nye fàr etterkvart som flaumar har herja. På kart frå 1759 ser ein tre far. Ho har eit stort nedbørsfelt, men utover sommaren minkar vatnet mykje. Langs åa har det vore uttak til vassvegar, og i tillegg har vi funne dokumentasjon og tufter etter fem-seks kvennhus og ei oppgangssag. Det er laga eit kunstig sideløp på sørsida av åa, ein jord -og steinvold ved Rudikvenne og ned til oppgangssaga. Dei siste metrane er bygd av tre. Kvennhusa til Sætrom og Langdalen fekk truleg vatn frå denne renna. Bygningshistorisk park ligg på sørsida av åa, rett nedafor Solsidevegen. På 1990-talet vart det bygd opp att ei oppgangsag her, lik den som sto her tidlegare. Etterkvart har det òg kome til låve, bu og fleire andre hus. Rudi-kvenne har vorte ein del av parken Rudiomnan er jordpyramider som ikkje finst ellers i Europa, utanom "Kvitskriuprestein" på Sel. Alle desse søylane har ein stein på toppen, som vernar pyramiden mot regn. Utan denne steinen hadde dei ikkje halde seg oppreist. Dei står på moreneleire, og har nok fått namnet fordi denne leira var særs godt eigna til muring av omnspiper. Rudiomnane er verdt eit besøk. (0515387-6870003).
Eiere:Red GG Merete ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Gamalt kart frå Rudi 1759 ved Stein Roger Rudi, AB

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Heng inne i stugu på Rudi. Tegna kart Foto: