Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Storofsin (gunvor) SLETT.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:852
Område:Vestsida sør for Jøndalen
Plassering:Generelt med en del fra Dovre
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Ofsin
Historikk:Storofsin 1789: Ofsen var eit uhyggeleg uvær med flaum og jordskred. Denne ulykka ramma store deler av det sentrale Norge. Vi høyrer om Ofsen frå Valdres, Østerdalen og dalføra i Trøndelag. Verst gjekk det likevel ut over Gudbrandsdalen, og det var her han fekk navnet sitt. «Ofse» tyder «noe skremmeleg» eller kanskje vi kan sette det om med «storskrekken». Likevel tykte mange at utrykket var for mildt og kalla ulykka «Storofsen».\r\n\r\nHer er utdrag frå artikkel i Dovrebygde 1987 av Alf Eriksen og Hans S. Bjørnsgard\r\n "Ofsin er rekna som den værste naturkatastrofa i Gudbrandsdalen, som vi veit om. Året 1789 starta merkeleg nok med stor vassmangel på grunn av barfrosten året før. Den 18.-19. mai kom det varm austavind, og det milde været heldt fram utover forsommaren. Utsiktene for avlingane var gode, og slåttonna begynte tidlegare enn ellers. I begynnelsen av juli sette regnet inn. Det var halvmørkt under tunge skyer, og tora drønna frå fjell til fjell. Det voldsomme regnet la åkrane flate. Den 22.-23.juli begynte raseringane for alvor. Sigmund Høgåsen frå Vågå som har vore rektor på realskulen på Dombås, meinte at jorda var så oppbløytt av regn og snøtining på førehand, at ho ikkje tok imot meir væte. Stein og jord rasa nedover dalsidene og la seg over den dyrka marka. Utsagna seier at folk i fjellbygdene beredte seg til Herrens siste dag\r\n Frå Årbok for Gudbrandsdalen 1989- skriv Odd Raubakken: «Ofsen var ikkje berre ein svær flaum. Alle rasa som gjekk nedetter dalsidene, var verre. I tillegg var det eit slikt uhyggeleg vêr. På kort tid slo regnet ned all avling på åkrane. Kronåret vart snudd til eit svartår. Midt på dagen var det halvmørkt omlag som normalt nattemørke på denne årstida. Lyna lyste opp. Dei skal ha vore med svære flammer. Mange trudde at dommedag var kommen. Og dette fælslege været varte i tre døgn. Elvane gjekk vassrike frå før, og onsdag 22. juli var det storflaum. Små bekker voks til vassrike elvar. Jorda, som før var full av vatn, sto berre og skolv, er det fortalt. Denne dagen tok jordskreda til å gå. Særleg gjekk det mange skred på baksida (vestsida av dalen). Størst og flest ras gjekk det i bratte dalsider med rikt jordsmonn. Sjøl velvaksne gran- og furutre greidde ikkje å binde den gjennombløytte jorda. Jord, skog, hus og åker for som ei mølje ut på vollane eller rett i Lågen. I hovudelva flaut det så mange skogstre at heile elvefaret kunne sjå ut som ein forvridd skog. Midt mellom gran og furutre flaut det hus som var meir eller mindre sundslått, og innimellom kom det og ei bru. \r\nDei fleste rasa gjekk onsdag 22. juli. Torsdag var det meste av det som kunne skli, sklidd ut. Men været var like ille. Flaumen var likevel høgst onsdag. Etter at alle rasa var gått, fekk vel vatnet friare far\r\nNatt til 24.juli vart det opphaldsvær. Om morgonen klarna det opp, og det vart heilt stille, pent vær. Med det var Ofsen over, men øydeleggingane var slike at ein kunne miste motet for mindre. Gamle folk bad til Gud at ingen nokon gong måtte få sjå heimbygda deira slik att.\r\nMange husmannsplassar og småbruk var så øydelagde at dei ikkje vart bygd opp att. Fleire gardar hadde fått store jorde så rasert at det ikkje var avling der på fleire tiår. I skogen var det stygge glenner etter rasa. Somme av rasa kan ein finne far etter ennå.\r\nOfsen gjorde ikkje berre skade. Somme stader raste jorda ut over ufruktbar steinmark eller myr slik at det vart dyrkbar mark der. Dette betydde likevel lite samanlikna med skadene.»\r\n\r\n Vidare frå Dovrebygde ( Eriksen og Bjørnsgard ): «Området ved Schjelle og Engjom var flatare før Ofsen. Her rasa det ut så mykje masse at gardane vart delt av gjelet som er i dag. Folk rømde til stader der dei meinte det var tryggare. Jønndalen vart heilt rasert, og dei 30-40 fastbuande berga seg ved at dei søkte tilflukt opp i dalsidene. Bruket Søre Stuguflotten synst på Dovreskogen vart rasert av jordskriu og aldri bygd opp att. Her omkom heile familien. \r\nPå husmannsplassen Kroken på Dovreskogen omkom og eit menneske under Ofsen. Kroken var husmannsplass under Siljehaugen. På Baseballes kart frå 1758 er det avmerka eit hus på Kroken med denne kommentaren: «En liden hytte beboes av et vanvittigt menneske». Ordet «vanvittig» betyr nok det vi kallar tullot. Stugu sto i nærleiken av der det står ein låve i dag, på flaten som no høyrer til Nørdre Stordal. Det er truleg at dette «vanvittige menneske» var ho som omkom under Ofsen. I 1789 budde Kari Olsdatter Kroken her. Ho heldt seg nok for lenge inne i huset mens vatnet steig under flommen. Dei fann ho drukna innunder mønet. Ho vart gravd ned i nærleiken, og grave opp att og begrave på kyrkjegarden seinare. Bruket vart ikkje bygd opp att etter Ofsen.\r\nFlommerka etter Ofsen i Dovre er borte. Det mest kjende vart rissa inn over døra mellom stugu og klevan på Talleråshaugen. Dette bruket låg like nord for Talleråsbrua mellom vegen og elva. Garden eksisterer ikkje i dag, men vasshøgda er registrert av vassdragsvesenet. I Årbok for den Norske Turistforening 1934 skriv Johs. Mølmen : «På Talleråshaugen på Dovre-ca 100 m nordenfor den nye Tallerås bro-er over døren inne i stuen anført: «Flom 22.-23. juli 1789.» Merket ligger 2,85 m høiere enn laveste punkt på veibanen like utenfor huset.»\r\n Eit anna vassmerke var rissa inn ved Ulekleivsbrua, og sto der heilt fram til 1950-åra. Da forsvann det i samband med vegutbygging. Det er meint at terrengformasjonane i Lies-svingane sør for Dombås som vekslar mellom jordhaugar og små tverrdalar er utforma av Ofsen. Gunnar Kaas meinte at trass i den enorme vassmengda i Lågen, så var det ikkje elva som gjorde størst skade, men åer og bekker som grov og raserte utover. \r\nUtfrå kart frå 1779, 10 år før Ofsen, ser ein at Lågen rann mykje nærare Dovre kyrkje enn nå, heilt inn til bakken ved Klukkarhaugen. Under Ofsen tok elva seg nytt far så Tofte fekk att eit jordstykke på austsida av elva (Snipen). Kartet viser og at Dragåa rann lenger nord, ved samfunnshuset. Da vassmassane herja i 1789, fløymde åa over alt, og dei la opp steinmuren som går opp frå husa på Gurihaug der den gamle vegen gjekk. Her var dele mellom dei to gardane????.\r\nDet har nok vore terreng-forandringar i tidlegare tider og. Da Hans S. Bjørnsgard skulle setja opp ei gammal bu til midlertidig fjøs på Bergs-Angard i 1952, fann han ei rot som var ca 1500 år. Øvst var det 30 cm med bearbeidd jord, med eit lag med leire under.\r\nNår ein gard vart råka av skriu eller flaum på 1700-talet, var landskylda på garden sett ned der det var stor skade. Mindre skyld ville seia mindre skatt, men det måtte bli godkjent ved kongeleg resulusjon. Sorenskrivaren og takstmenn var på åstaden og fastsette kor høg skyld garden nå kunne tåle. I Dovre er nemnd 19 av dei største gardane på austsida som har vorte verdsette etter skaden dei fekk under Ofsen. Her kan vi nemne; Hinden, Domaas, Engum, Ulekleiv, Hage, Budsjord, Tofte, Tallerås, Rudi, Sætrom, Siljehaugen, Stordal, Rindal og Haugen. Etter det taktsene fortel var det øydelagt 55 hus, 6 bruer og 6 sager på desse 19 gardane i Dovre. Det var fleire enn dei nemnde 19 gardane som hadde fått skade, men det vart halde takst berre der det gjekk ekstra hardt ut over gard og grunn\r\nUt frå takstane kan ein merke seg det store hestehaldet som var på gardane, også i Dovre. Ein av grunnane var at det trongst mange hestar til post og friskyss åt Oppdal, 8 mil og Sel 3 mil. Friskyss hadde dei som var i offentleg tjenste, f.eks prestar. Kongen løyvde pengar til å setja i stand vegane. Bortsett frå at bøndene kunne få mindre lån på tunge vilkår i Kredittkassen, og at det vart lempa på skatteutpantingane, fekk dei skadelidne hjelpe seg sjølve. Litt magasinkorn vart elles tilbode dei øvste fjellbygdene. Etter 1789 var det mange både i Gudbrandsdalen og Østerdalen som ikkje såg det likt å starte opp att etter raseringane etter Storofsen. Fleire reiste nordover og slo seg ned i Bardu og Målselv, der dialektene ber preg det gudbrandsdalske og østerdalske den dag i dag.»\r\nTakstforretning for å få nedsatt skattegrunnlaget etter Ofsin i 1789 ( Dovrebygde 2008)\r\n92 Domaas 1 kvernhus ruinert\r\n98 Enge 1 kvernhus bortskyllet\r\n99 Ulleklev 2 ½ kvernhus bortskyllet\r\n116 Tofte 1 kvernhus bortskyllet, 1 kvernhus beskadiget\r\n127 Vigerust 1 kvernhus bortskyllet\r\n131 Tallerås 2 kvernhus bortskyllet\r\n134 Rudi 1 kvernhus bortskyllet\r\n137 Lillesæter 1 kvernhus bortrevet\r\n138 Stordalen 1 kvernhus bortskyllet\r\n139 Rindal 1 kvernhus bortskyllet\r\n140 Haugen 1 kvernhus nedmuldet\r\nDette er største katastrofe i historisk tid over Austlandet, og truleg vart storparten av bekkjekvennene burte. På dei 19 gardane der skaden var taksert, vart verdien redusert til om lag det halve snitt. Desse fekk frå fire til seks års skattefritak. \r\n\r\n
Eiere:Sjå arb.kommentar
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:GG

Registrert av:Gunvor Gauteplass