Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Dragåe .

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:824
Område:Østsida sør for Grimsdalsvegen.
Plassering:Dovre
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Alt
Historikk:Stokkbekken startar innanfor Måsåhusom ved Vegaskjelet på 12-1300 meters høgde og samlar vatn som renn ut i dammen som før var Vegaskjelmyre. Vidare nedover kjem ein bekk frå Einsethø nedi og saman blir dei til Stokkbekken. Stokkbekken møter så ein bekk frå inste Stavåstjønn, og har på turen fått fleire vassig med seg. Saman blir dette Stavåe. Eftansåe kjem frå vassig og småbekkar inn under Gråsida, renn ned ved dyrkinga til Langløkken og kryssar Grimsdalsvegen. Vidare nedover blir Eftansåe til Veslåe/Tungåe. Stavåe og Veslåe møtast på Tungspissen (0514121-6872875), og blir frå her Dragåe. Dragåe startar på Tungspissen, og renn i eit djupt gjel ned til Haugen, og ut i Lågen like nord for Midtbygdbrua. Det er mogleg å gå innover gjelet. Det har vore fleire kvennbruk, oppgangssag og eit vassverk til Dovre Ysteri i åa. I tillegg var det vatn til husbruk for folket i Dovre sentrum. Ved Angard 47/1 er det i dag bru så ein kan kome opp på andre sida til Åsagrende. Frå Slette 50/1 og 50/2 var det kvennveg over Åsajordet og ned i gjelet. Den er fortsatt lett å sjå. Frå Aasen 49/1 hadde dei skuleveg rett ned til åa og gjekk nedover etter gjelet. Dragåe kan vera flaumstor, ettersom ho har eit stort nedslagsfelt. Ein ser på gamle kart at før Storofsen rann ho ned omlag der Dovre Samfunnshus er i dag. Våren 1966 heldt Dragåe på å ta att dette gamle faret. Etter oppdemming i Stavågjelet 19.mai, kom ho ned ved Elven, vidare ned Sauerweingjeilin og tok med seg alt av matjord. Ho fylte fleire kjellarar og flaumde utover Dovre sentrum. Industridepartementet ga tre mill. kroner for å rydde opp etter flaumen i Gudbrandsdalen, Etnedal og Glommadistriktet i 1966. Gudmund Stigen fortalde at han hadde henta to store kvennsteiner på sørsida av Dragåe, omlag 200 m ovanfor vassinntaket til Dovre Ysteri. Truleg frå Aasen-kvenne. Han fortalde at Åsagardane og Stigen hadde drikkevatn frå oppkommer nær gardane. Stigen fekk borevatn i 2016. Dei bratte gjelsidene i Dragåe har teke nokre liv. Ola Vigerust "omkom ved at styrte fra et svaberg og i en derunder løbende Elv" i 1858, tre kalvar og tre oksar (1982) sklei ned i gjelet og omkom. I 1967 var det ei merr frå Angard som beita på Plassjordet, ho sklei utover og døydde.
Emma og Ola Jon Angard var ute for ei stygg ulykke i Dragåe. Ola Jon skulle hente juletre i desember 1984, han sklei 30 meter nedover gjelsida. Han vart hardt skada i hovud, rygg og føt. Emma for same reisa, da ho skulle sjå kor det vart av han. Emma fekk nokre skrammar og vart mørbanka, men ho greide å stampe i snøen rundt om Tunga, ei strekning på 2-3 kilometer, til ho kom fram til Ekrehagen , og fekk tak i hjelp. Olav Ekrehagen fekk varsla Røde Kors og Dr. Eskeland som kom med smertestillande. Lars Svendsgard hadde ein kjelke som Ola-Jon låg på, som dei drog opp med hand kraft. Ola-Jon vart liggjande sju timar nede i gjelet, og fekk eit sjukehusopphald etterpå. Heldigvis fekk dei hjelp, og begge er friske og raske i dag. BLÅ RUTE!!! Utdrag av artikkel frå Vigga 7. november 2017, der Tordis Thorsen født Skrugstad, fortel om krigsutbrotet 9. april 1940: "Det er Palmesøndag i dag - 9. april 2017. Jeg nyter en svak påskesol på verandaen og er tilbake til 9. april 1940 på Dovre. Det var vårløsning, men fremdeles lå det igjen en del snø på jordene og is på Dragåe. Vi møtte på skolen, og fikk beskjed om å gå heimatt, der var blitt krig. Tyskerne hadde invadert landet. Jeg tror ikke vi skjønte hva det innebar for oss, og stille, fredelige Dovre, men lærer Vilhelm Roseth skjønte nok mere. Noen dager er liksom fjerne, men jeg husker at søndag ettermiddag den 13. april var mor og jeg hos Trygve og Anna Kråkvold (senere Ruste) til ettermiddagskaffe. Ryktene gikk, og vi måtte skynde oss heim for å få tak i far og søster mi. Da vi kom til kvitgrinda som vi kalte den, og skulle gå oppover det som nå heter Sauerwein-gjeilin, møtte vi to alvorlige menn i nikkers og beksømstøvler med ryggsekk og gevær på skulderen. Den ene var Sigurd Rudi, jeg tror den andre var Sigurd Bådstoløkken. Det var observert fallskjermsoldatar på Dombås. Etter rådslaging blant de voksne ble det pakket ned litt mat og godt med tøy, og sammen med blant andre Hans Jøndal, hans mor Marie, og søstrene Magnhild og Signe Jøndal vandret vi på isen på Dragåe innover mot hjellet mellom Angard og Nørdre Åsen. Det var nok et underlig følge. Vi gjikk ned igjen utpå kvelden, men ved femtiden neste morgen drog vi innover igjen. Denne dagen og dagene framover lå vi i gapahuk inni hjellet sammen med Ola og Signe Hauje (Ekre) og deres to barn Mari på ca. fem år og Finn på ca. to år. Det var ikke komfortabelt. Ola var nokså lang, og fikk ikke beina med seg helt inn. Jeg husker Signe var bekymret fordi flyene som kretset over kunne observere beina hans. Etter hvert roet det seg så vi kunne flytte heim. I løpet av denne tiden hadde vi vært heime enkelte netter for å proviantere, og katta mi måtte jo ha mat. Men aprildagene satte sine spor, det hadde nok gitt mye spenning og angst som satte seg i kroppen. Det tok tid før livet kom på stell igjen."
Eiere: ABj - GG Merete
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Gudmund Stigen, Ola Jon Angard, Grethe Høstaker, Egil Bjørnsgard -

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Haugen med Angard bak og til venstre ,Tunga til høgre i bildet Mars 23 Foto: Mk