Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Kvennhus (merete).

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:775
Område:Vestsida sør for Jøndalen
Plassering:?
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: ?
Historikk:Korn har vore dyrka i over 11000 år. Dei fyrste spor etter korn ein kjenner til er i Midtausten, mellom Eufrat og Tigris. I Norge er dei eldste funna av kveite og bygg i Rogaland og rundt Oslofjorden omlag 4-5000 tusen år gamle, altså frå steinalderen. Dei primitive kveitesortane enkorn, emmer og nakenbygg var kornsortane dei dyrka. Etter maling kunne dei lage graut og hellekaker. Rundt 1000 år seinare kom rug og havre, og korndyrkinga spreidde seg over det meste av Norge. Bygg vart etter kvart den dominerande sorten da kveite krev meir varme. Skubbekvenn er nok den eldste måten å male korn på, den var brukt over heile verda. Skubbekvenne var ein stein med ei lita grop som låg i ro, og ein stein, løparen, som dei heldt i handa og rulla fram og attende til kornet var knust. Dei brukte og skubbekvenne til knusing av bein, nøtter, frukt og liknande. Roterande handkvenn òg kalla dreiekvenn kom til Norge frå Danmark rundt år 300. Det er funne ei slik kvenn i eit gravfunn ved Skjeberg. Handkvenn var nok oftast brukt av kvinner, det var eit tungt arbeid. Det var to tilhogde runde steinar der overliggaren vart dreia rundt med handkraft. Overliggaren hadde eit «auga» midt på som kornet vart tømt ned i og knust mellom steinane. Dreiekvenne var langt raskare enn skubbekvenne, og vart som ein teknologisk revolusjon. Desse to måtane å male på var nok træl-eller kvinnearbeid, som tok fleire timar med arbeid kvar dag. Vassdrivne kvenner høyrer vi fyrst om i Norge rundt år 1270 frå eit kloster på Hovedøya. Mannfolka hadde nå teke over arbeidet med maling av korn. Statens Kornforretning skriv: «Kornmaling med vasskraft er det eldste upptaket til industriell verksemd drive med mekanisk kraft.» Magnus Lagabøte hadde ei bylov i år 1282 der «mylnarar», mølleeigarar skulle betale avgift til byen. På 1300-talet vart «bekkekvenner» meir vanleg på gardane, og eit kvennbruk vart rekna som «en hærlighet». I 1830 var det rundt 25.000 kvenner i Norge, i 1920 var det 7950 kvenner og 234 bygdemøller drive av kvennkall, og 147 bygdemøller drive av vasshjul. Stort sett hadde kvar gard si eiga kvenn i den næraste bekken eller åa. Eigde ein areal uti bekken, åa eller elva hadde ein òg rett til å setja opp kvennhus. Ofte stod kvennhusa tett, dei brukte da same kvenndam og renne inn til kvennkallen. Slik kunne fleire male samtidig, sjølv om ikkje bekken var stor. Maling av korn var eit langvarig arbeid som ein måtte passe heile tida. Gjekk kvenne turr vart mjølet og steinane øydelagde, og om kornet var for dårleg turka vart det som ein graut på steinane. Ei vanleg bekkekvenn med stein frå Selbu på 60 cm i diameter kunne male rundt 20 kilo på ein dag. Det vart finare mjøl til seinare steinane gjekk. Maling av korn gjorde dei heile året, korn var mykje enklare å oppbevara enn mjøl. Bekkekvennene vart mest brukt når det var stor vassføring. Kornet var ofte turt på rot når det vart skore, slik at dei kunne ha det direkte i store «bøler» eller «kjær» på stågåburet. Tørrstugu var som regel brukt ein dag før maling, for å vera sikker på kvaliteten. "Stridt korn", var det finaste og tyngste kornet, og mest brukt som handelsvare. Bygg var mest brukt til mjøl, kveite var vanskeleg å dyrke fram, rug var tung å baka av, og havre var brukt berre i naud. Husdyra fekk "grøype", ei kornblanding av havre og bygg. Forsking viser at folk den gongen hadde god helse og sterke tenner, fordi minerala frå steinane vart med i mjølet. Kvennkallen kom før vasshjulet til Norge. Kvennkallen dreiv bekkekvennene og vasshjulet dreiv møllene, gruvene, stampene og oppgangssagene. Overfallshjul var mest vanleg i Norge. Her kom vatnet rett ned på vasshjulet, og det gjekk rundt av tyngda på vatnet. Jo større fall desto større trykk og fart. Vasshjulet vart plassert i ein foss eller eit stryk. Turbinane kom så smått i bruk på 1800-talet. Ved kvenne kunne det nok vera triveleg og god stemning når dei mol samtidig, og overtrua fekk fritt spelerom. Vi har høyrt om fleire skumle vesen som Kvennknurren, Fossegrimen og Fossekallen som kunne gjera arbeidet vanskeleg. 1. september kvart år var kvennknurren særleg farleg, og møllaren var da særs forsiktig ved kvenne. Små historier: BLÅ RUTER?????? Ein kar skulle male korn på kveldstid men måtte gje seg, han fekk ikkje kvennkallen til å gå. Forklaringa på det var at Kvennknurren heldt att kvennkallen så kvenne stod. «Det likaste ein gard har er ei god kjerring, ein sterk øyk og ei god kvenn.» "Det renn mykjy vatn mæ møllar`n søv." BEKKEKVENN Eit lite hus ved bekken, døra var låg og dørstokken høg, inne stod sjølve kvenne på LUREN. Kvenne var drive av vasskraft frå ein kvennkall. Dei fleste kvennbruk hadde ein kvenndam, som var tømra, med RENNE inn til KVENNKALLEN. Kvenne hadde to kvennsteinar, ein OVERSTEIN med kuv på, og uthogde spor til seglet på undersida. UNDERSTEIN var flat, og låg fast i KVENNRINGEN oppå BENKEN, som stod på LUREN og vart halde oppe av LURÅSANE. Oversteinen vart lyfta litt opp og sett i fart ved at kvennkallen fekk fart av vatnet. Kvennringen var laga av tynne, krumma bord, som møtte mjølet slik at det gjekk ned i MJØLKISTA. Over kvennsteinane hang det ei trekasse, TEINA, som dei tømde kornet oppi. Under traktopninga hang SKOEN som hadde ein tynn stav festa i seg, SKAKTEIN. Den nådde ned på oversteinen og vart rista. Kornet rann jamt og trutt ned i KVENNAUGAET, vart male og kom ut att på framsida og gjekk ned i mjølkista. Kvennkallen var montert på ein loddrett aksling rett under steinane, SPENOLEN, som gjekk gjennom GROTTA i understeinen og heldt oversteinen i SEGLET, som er eit horisontalt tverrjern som oversteinen kvilte på. Frå GRUNNSTOKKEN gjekk LETTESTOKKEN opp i kvennhuset der det var eit LETTETRE for å kunne heve og senke oversteinen etter kor grovt dei ville ha mjølet. Kvennkallen kvilar på grunnstokken der GRUNNMUSA (toska), steinen som akslingen står på, ligg fast under KALLBLADA (kallfjær, spjell, vengjer). Antal blad på kvennkallen er alltid eit oddetal (5,7,9,11). I kvenndammen hadde dei ei luke (teppa) for å kunne regulera vatnet inn i renna (kvenntro), som leia vatnet inn på kvennkallen. Når vatnet trefte i rett mengde og fart på kvennkallblada, bestemte dette krafta kvennkallen gav. Det er tydeleg i fleire åer og bekkar i Dovre at bekkekvennene sto på rad og rekke nedover. Dei kunne slik einast om kvenndam og renner. Møllaren hadde ofte ein plass for kvile oppe på kvennhusloftet. Kvart kvennbruk hadde ein årleg skatt på 8 Skilling. Lova om korntrygd kom 1. juli i 1927. Korntrygda var ein subsidie frå Staten til alle som dyrka korn. Trygda var på 3-5 øre pr. kilo korn, alt etter av kva kornet skulle brukast til. Det var møllaren som måtte avvise eller godkjenne kornet. Over han var det ein kontrollør som passa på at møllaren ikkje kunne jukse. Frå 1930 måtte bonden male kornet sitt på ei godkjent bygdemølle. I Dovre var det brukt fleire bygdemøller: Jora mølle, Einbugga mølle, Ilka mølle, Stordalen mølle eller Stampa mølle på Sel. Det var heradskasseraren som gav ut malingskort som bonden måtte ha med seg slik at møllaren fekk kvittere. Malingskortet måtte leverast til heradskasseraren når malinga for året var over. Det var møllaren som fekk utbetalt trygda og "gjorde opp" med bonden. Mølla måtte vera godkjent av Landbruksdepartementet, og kornet måtte kunne brukast til folkemat. Resultatet av dette vart at stort sett alle kvennbruk vart nedlagde og til dels borte. Gudbrandsdølen 16.11.1927, artikkel frå Dovre : "Her er det utdelt 200 kort, mens ca. 250 har rett til kort. Avhentningen av kortene har her gaat raskt for sig, det er ganske stor interesse for at faa trygden. Det er enda mange som ikke har træsket og ikke har været ved møllen. De fleste kommer indom og faar sit malingskort med det samme de reiser til møllen. Kornavlen er bra til i Dovre at være, ---endel mer helkorn end vanlig skal det dog være. Men det væsentligste av avlen blir folkeføde og faar trygd." ,
Eiere:Lest GG Merete ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde: MK, GG, 7.sans dagbok, Odd Reidar Hole, Edvin Espelund, Dovrebygde, Steinar Moldal

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Dreiekvenn på Lorkvenne. Juni 23 Foto: MK