Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Domba og Tverrbekken.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:769
Område:Dovrefjell sør for E6 til vannskillet.
Plassering:Dombås
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: ?
Historikk: Litt om historien til Domba, utdrag frå ein avisartikkel i Gudbrandsdølen 9.august 1911 av Jens Domaas: "Som tidligere oplyst har professor Rygh i sit verk "Norske Gaardsnavne" gaat ut fra den feilaktige formsetning, at navnet er avledet av en liten bæk, Domba, som rinder like ved. Det er et ubestridelig faktum, at bækken endnu knapt er 100 aar gammel og kunstig ledet ut fra en anden bæk, "Tværbækken", for at skaffe sommervand til de nedre gaarde i grænden. Gaardene kunne saaledes ikke ha sit navn fra denne."
Domba har sin spede start oppe i Skogshø 1100 m.o.h., noko lenger ned deler bekken seg i to, Domba og Ljoshaugbekken. Domba kom ned ved gamle Ljoshaugvegen og vidare ned ved Sidesporet. Rann så nord for Hansa (0506694-6882579) og under Circle K. Mellom Hansa og Circle K finn ein kvenn symbol på eit gamalt kart frå 1853 (912). Ola Hjelløkken skreiv: "Berre Furuheim låg på ein turr rande. Lenger nord, omlag der som synste blokkhuset står nå stod dampsaga (661). Nordafor der kom Domba rennande nedover. I Domba var det ein klesvaskarplass, og ei kjelde der folk kunne hente vatn. Enda litt lengere nord var det ei oppkomme med vass-stokk. Brunnen ved vass-stokken var aldri turr, og skaffa nok vatn til mange (782)." Ved Circle K og Moskusgrillen rann Domba i lonar som det gjekk fisk i, kalla "Damplassen" (769 A). Domba fylgde så E6 meir eller mindre, før ho rann under bensinpumpane på Storrusten, og skrådde seg over mot Fosshaugbygget og Bondegarden, som hadde eit stort vaskarhus (678) i Domba. Det var fleire gardskvenner nedover Blæstervegen.
På midten av 1960-talet vart det bedt om at noko måtte gjerast med den åpne bekken, og særleg kloakklufta var ikkje til å leva med. Doktor Hartvig Skuterud med fleire måtte på befaring, og det vart bestemt at Domba måtte "leggjast ned" i røyr. Domba var nok meir som ei søppel-og kloakkfylling. I dag renn det ikkje mykje vatn i Domba. Ho er ein liten bekk som ein kan fylgje ned til jernbana ovanfor Dombås Sentrum. Frå der er Domba lagt i røyr på skrå nordover, under jernbana og ned i Tverrbekken (769 D). Gjennom Dombås sentrum er det nedgrave røyr heile turen, men nesten ikkje vatn. Ein kan sjå eit lite sig ved Sidesporet. Ved Norsk Luftambulanse kjem Ljoshaugbekken ned i faret etter Domba, saman fylgjer dei Blæstervegen ned i Lågen. I Ljoshaugbekken var det eit vaskarhus på nedsida av Gammelveigen mot Bondegarden (918). Søre Dombås hadde og eit vaskarhus i Domba (752). BLÅ RUTE!!! Leif og Kjell Storrusten fortel: "Politihuset (769 B) stod nord for Circle K, omtrent ved rundkøyringa i dag. Huset var ei hytte som stod over Domba, under 2. verdenskrig var Grinvald Johnsen lensmann, da for tyskerane. Det norske politi hadde kontor hjå landhandlar Olimb. Grinvald likt å vise seg fram i uniform, men ellers var han grei å ha med å gjera. Mor fungerte som ekteskapskonsulent for Grinvald , ho meinte at "ei tå Bondegardsjentun ha vore lugumt", og det orda seg, Grinvald og Jorunn Blæstrud (Jolla) gifta seg på Dombås og reiste så til Sverige etter krigen."
BLÅ RUTE!!!
"På 1930-talet gjekk Domba ope gjennom Dombås, det fyrste bygget hjå Storrusten vart sett opp i 1933, da rann Domba ope like ved, Leif og Kjell Storrusten kan bekrefte ope bekk og stygg luft. Etter krigen vart Domba grave djupare ned og lagt i støypt renne ved Storrusten . Firmaet "Eriksen stein og betong" hadde ei brakke som sto på tvert like ved Storrusten. Her laga dei pipe element som tyskerane kjøpte mykje av. Det vart sett to slike element oppå kvarandre på båe sider av Domba der dei hadde støypt renne. Så la dei steinheller oppå så røyret vart tildekt. Oppå der att vart all søppel oppbevara."Det vart begrove mykjy synder nedover der" seier Kjell Storrusten."
BLÅ RUTE!!! Den fyrste bensinstasjonen, gamle Shell, hadde det fyrste offentlege toalett, og der var det oppsamlingskum under. Men det ingen tenkte på var at denne vart full og tett. På denne tida må ein hugse at det var 10 000 tyskarar på Dombås. Kjell Storrusten måtte ta den jobben, "det var berre å kommå se ned i bækken å finne kummin og bruke ståkåband te e fekk hol på`n." Det greide eg, alt kom som ein foss og tok med seg alt ned i Domba, og ned i Lågen.
BlÅ RUTE!!! Under krigen ordna tyskerane seg ein park (769 C) med ljos ved Domba, der Fosshaugbygget står i dag. Dei var der ofte om haustkveldane. Dei hadde ein kvennkall i Domba, som fekk ein trefigur til å slå med trommestikker, og ein som sat og "sløngde fiskestonga". BLÅ RUTE!! Tor Wigenstad skreiv i "Gammelt fra Dombås": "Mor til heknesystrene het Berte Hekne. Sagnet forteller at hun bygde husene på Hekne. Ved bekken Domba drev Berte Hekne og grov etter skatter, antagelig en grav eller en gravhaug, og her fant hun etter sagnet mange fine skatter, deriblant to skåler som var sammenbundet med lenker, og disse skulle være av sølv eller gull. Skålene bar hun som smykker på brystet. (var det restene av en brynje?) Det ble dengang diktet en sang om Berte Hekne. Min kilde fortalte meg histrien og sang sangen for meg. Hun har hørt den av sin bestemor som var født i 1817. Sangen lyder slik: Verdens berte-guld- er kun støv og muld- og der har ingen huld- i Gråbergsland- Ti der hjelper ei -hend på leirhaugens vei - at hun sier nei - at det ho fann. - Dårlig er ho Berte - som på Hekne vil bygge. - Ti der er idel vaand - strømende bund. - Der har ho sitti - uppme Dombun den trygge - og der ha ho funne - lumma si full." BLÅ RUTE!! "Norsk Luftambulanse på Dombås fekk eit utslepp på fleire tusen liter flybensin 31. august 2023. Flybensinen trekte ned i grunnen der Domba og Ljoshaugbekken renn, som går saman ned i Lågen ved Dombfossen. Det er Kystverket som har myndigheit i slike tilfeller, dei har gjeve Norsk Luftambulanse A/S pålegg om å vurdere konsekvensane, og å lage ei plan for å handtere utsleppet." TVERRBEKKEN: Tverrbekken startar innanfor Hjellsætrin, frå Vesl-Hundyrju og Gamlesæterbekken. Den fylgjer vassvegen til Lie over Gamlesætermyrin, og kryssar Skrebekken før den tek sitt eiga far nedover. Tverrbekken kjem ned ved HV-skulen, og vidare ned i Hindåe ved Storlykkja. Tverrbekken kan vera flaumstor, og har nok vatn til at Brekkegardane har vatnarvatn om sommaren.
Gardane rundt Dombåshaugen hadde vatn til hus og fjøs frå bassenget (890 F) i Tverrbekken (0507307-6882767). Stoppekrana på dette røyret var i møkkjellaren til Rønnaug og Arne Ekren på Nygarden 6/4. Det vart grave grøft og lagt ned røyr til Dombås stasjon, som og fekk vatn frå bassenget i Tverrbekken.
Eiere:Red GG Merete ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:Rønnaug Ekren, Svein Ulheim, Ola Martin Aasen
Kilde:Leif StorrusOla Hjelløkken sine papir, Gardsbok, Asbjørn Bentdal, Gunnar Bentdal, Jørgen Berg Dombås

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Domba ned mot Heimhovda 18092022 Foto: mk