Historikk: | Matr. utkast 1661: "Rust, Gudmund, Johannes och Erich bruger". Alle tre brukarane hadde kvar si bekkekvenn. Matr.1723: Garden er nå delt i tre, Johannes hadde Systugu Ruste 31/3, Gudmund hadde Nordistugu Ruste 31/2 og Erik hadde Vesl-Ruste 31/1. Vesl-Ruste hadde kvenn på sørsida av åa like nedanfor garden. Tufta er vanskeleg å sjå. Peder E. Ruste sa: "Ogofor Ruste i Rådå-ån er det eit sted som heitte Kveinndammen." Matr. 1723: Nordistugu Ruste "Qvern hvorpaa kan mahles noget til husnøtte". Her har ein funne ei tydeleg tuft like nord for garden på sørsida av Rådåe. (Bilde Dovrebygde 2008) Matr. 1723: Systugu Ruste hadde kvenn som "For 16 aars tide siden ødelagt, men dog med billighed kand opsættes igien".
Om kvenne vart sett opp att og kvar kvenne stod er ukjent. Systugu Ruste vart kjøpt opp av Nordistugu Ruste i 1839. Som tidlegare skrivi er det meste i Rådåe borte etter fleire flaumar. |