Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om innleiing.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:763
Område:Dovrefjell: E6-Grøna
Plassering:?
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Innleiing
Historikk:For folk og dyr, ja for alt liv på jorda har vatn vore og èr heilt avgjerande. Ikkje noko levande vesen greier seg lenge utan vatn. Samstundes er det sterke krefter i vatnet, og det er fyrst og fremst den eigenskapen vi tek for oss i denne boka. Vatnet brukte dei fyrst og fremst for å drive kvennkallen og vasshjulet, men dei bygde òg vassvegar for vatning av åker og eng. Møllene og kraftverka kom etter bekkekvennene. Prinsippet var det same, det var krafta i rennande vatn som dreiv vasshjulet og etter kvart turbinar. Vi har òg registrert sagbruk som ikkje er drive av vatn, fordi det var ein naturleg overgang etter att dei slutta å bruke oppgangssaga. Tørrstugu, er òg registrert, her turka dei kornet, før dei kunne mala det på kvenne. Stampene, som etter kvart overtok det harde arbeidet med å stampe/reie vadmål og skinn vart og drivi av vasshjulet. Boka har fyrst ein generell del om kvart emne. Vi har skrive om kvar å og bekk, og teke for oss det som høyrer til der. Alle objekt vi kan stadfeste er merka av på kartet ( utifrå koordinat ). Karta har Sturla Hage laga for oss. Gunvor Gauteplass og Merete Killi har i mange år hatt interesse av å finne minner frå fortida rundt omkring. Dei fleste av desse er det ikkje mange som veit om, og kunnskapen om dei vil etter kvart bli borte. Vi syntes derfor det vart viktig å få samle det vi hadde funne. Anders Bjørke vart med etter kvart, og dei siste to-tre åra har vi arbeidd bevisst med denne boka. Anders har studert grundig gamle papir og kart frå Statens Kartverk, Statsarkivet og Nasjonalbiblioteket. Alle tre har vore aktive med, frå å klatre i djupe gjel, til å skrive inn opplysningane til boka etter som vi har funne informasjon. Det har vore eit interessant og spennande arbeid. Vi viser ofte til "Matrikkelen 1668", som vart brukt for å bestemme skatt. I tillegg "Matrikkelen 1723" som var ei registrering dei ikkje brukte til skatteberegning, men den fortel mykje om bruksforholda på gardane. Kjeldeopplysninger frå personar er skrive under kvar ID. Bygdebøkene for DOVRE; Gardar, hus og folk, Dovrehistori av Hans S. Bjørnsgard og Dovrebygde frå 1985-2022, er brukt gjennom heile boka. Vi har skrive ho på nynorsk, men har òg brukt ein del lokale utrykk. Ola Tovmo har denne gongen òg redigert alt stoffet for oss. Vi ber om forståing om det er feil og manglar, og om vi kan ha fleire forklaringar der vi er usikre. Kvalitetssikring er utfordrande med slikt arbeid, men vi har prøvd så godt vi kan.
Eiere:Redigert
Tilstand:?
Bygningsmåte:?
Størrelse:
Kilde:AB,GG,MK

Registrert av:mk