Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Burest ved Rå - 3619 mKilli Nystugu m - 3709 mTuft ved Rådå - 3750 mØvre Korsvold` - 3960 mHågåmåsåhus - 4190 mJohus - 4191 mSauhansstugumyr - 4346 m

Opplysninger om Rådåe.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:755
Område:Østsida nord for Grimsdalsvegen.
Plassering:Rådåe
Koordinater: 32V 0511283 6876338
Bruk: Å
Historikk:RÅDÅE; Rådååe skriv dei på kart frå Statens kartverk, men i denne boka brukar vi det lokale namnet, Rådåe. Frå riktig gamalt vart ho kalla for Raudkla, "raudr" er eit gamalt norsk ord for myrmalm, eller jernhaldig område. Rådåe kjem frå ei stor myr inst i Breijordet. Der startar ho som ein liten bekk. Innanfor Ståkån går ho ned i eit djupt gjel, der ho kastar seg nedover forbi gardane mot dalbotn. Noko rolegare att når ho kjem ut av tunellen under jernbana, før ho møter Lågen ved YX (Texaco). Rådåe har vassføring heile året, og kan bli voldsom i flaum. Det er mange tragedier knytta til åa, når vasskreftane har utfolda seg. Våren 2004 hadde det demt seg opp med mykje snø i Breijordet som plutseleg sprang 6. mai. Det kom store massar med jord, stein, snø og vatn. Brua ved Åteigen vart skada, brua etter Øverbygdsvegen fekk så store steinar oppå seg, at det måtte traktor til for å fjerne dei. Det vart store skadar på dyrka marka nede på flata og åfaret vart nok to-tre meter djupare.

BLÅ RUTER! Thor Wigenstad fortalte: "Under Storofsen i 1789 rauk det med åtte personar i Rådåe. I 1860 sprang Rådåe att, og det rauk med tre personar. Da var ho så stor at ho gjekk over Lågen og opp på andre sida av dalen". Johan Birger Berget har skrivi om dei største tragediane: "Den 25. april 1822 sprang Rådå-åe. Ho demdest opp atti fjellet og sopte reint åfàret all veg. Fire mann omkom i Rådåe den gongen, det vart rivi med 24 kvennhus og tre bruer. (Iflg Thor Wigenstad) Ein av dei som drukna var Hans Killi (1788) frå Killi Nystugu 29/1, han vart funne att ved Toftelien den 21. mai. Dei tre andre var: Ola Siversen (1764) frå søre Åteigen 29/9. Sivert Guttormsen (1793) frå Ulsgard Killi 28a. Erik Pålsson (1786) frå Nedre Sygard Killi 29/3.»
« Drukningsulykke fyrst i mai 1838, der Erland Olsson (1802) frå Kveen 29a omkom. Hogilthaugen, ein haug som ligg på Engjelykkja nord for Rådåe, mellom E6 og Lågen. Kvifor dette namnet? Truleg etter ei av drukningsulykkane. I bygdabok for Dovre meiner ein at det kan vera enka etter Elland Olsson som satt mykje her og hadde det «ilt i hugen», ho hadde fem ungar og den sjette var på veg. Gerhard Schøning meinte at haugen var ein gravhaug i 1775." Marit Ruste (1912-1983) frå Vesl-Ruste 31/1 omkom i Rådåe 24. mars i 1983.

Sommaren 2018 var det turt, det kom ikkje regn frå tidleg i mai til i slutten av juli. Rådåe var ikkje heilt turr men ein måtte redusere på vatning av jordene. Vatnet i åa har vore viktig for liv og virke gjennom alle tider.
Tor Wigenstad fortalte at det var 24 kvenner her, og det stemmer ganske godt med antalet gardar mellom Hågå (21/1) og Lindsø (37/1). Det har og vore oppgangssag nedanfor jernbana. Hans S. Bjørnsgard har funne ut at i 1743: "Vorkinn åtte eitt kveinnhus åleine, og eitt i lag med Landheim, Arnekleiv og èin Killigard. Og i 1747: Hågå nordre hadde kveinnhus."
BLÅ RUTE! I ein avisartikkel frå 1926 i papira etter Åsmund Høie (1905-1979) på Norddalsarkivet på Dombås, refererer vi delar frå: " Tjøstol (1833) og Anne (1842) Korsvold har drivi garden Korsvoldholen 24/1 i 50 år. 15 år gamal blev Tjøstol konfirmert. Det var mange harde år- det var ikke så meget korn at de fikk det i en gryte. Ker du fòr frammed gardom va det ein bæk å der stod det ei tynne med bork. Så flekte døm fjellnæver for å få det seigt. Oss ha ei kvenn uppi Rådåen, der stod e heile da`n å mol halm. Det va sjaug år ette n`aen."
Det var fleire vassvegar og vassinntak langs åa, men dessverre er det meste borte. Vassvegane er nå erstatta med moderne vatningsanlegg. Fyrst på 2000-talet var det prat om eit stort kraftverk i åa, men det vart ikkje noko av. Vatningsanlegga med naturleg vasstrykk måtte da fjernast, og vatning frå Lågen med pumpe var tilbodet, dette vart meir kostnad og meir arbeid for gardbrukarane. På nordsida av åa ved fossen nedanfor Åteigsgardane, renn det ut ein mindre bekk, Veslåe / Killiåe. Lokalt navn er Veslåe. Denne bekken kan og vera flaumstor, men lell mykje mindre enn Rådåe. Utanom flaum hadde dei god styring på vassmengda i bekken, derfor finn vi nok fleire kvenner her. Landskapet langs Veslåa har små terassar nedover heile strekningen, både etter bekken og på jordet på sørsida. På terassane på jordet dyrka dei korn, dei små parsellane er kalla «Hånå åkrane». Veslåe renn ned i Rådåe att mellom bygdevegen og jernbana. BLÅ RUTE! Frå boka "Arnekleiv- ein gamal gard i Dovre" av Sigurd Arnekleiv: "Langt attende ser det ut til at garden Arnekleiv og hadde vedlikehaldsplikt av bru over Rådåe. Lars Jonsson Arnekleiv hadde i alle fall vore med og bygd ny bru der saman med mennene på Vigenstad og Hågå og fire av Killigardom. Brua var reist i vårflaumen, og det var så mykje bruk for den at ny måtte bli bygd snart. Dette var i 1822. Men Ole Engebretsen Ruste stemnde dei til forlikskommisjon i september det året, for brua var oppsett på ein annan stad enn før slik at "broen fornærmet Klageren paa sin Eiendom." Det vart forlik slik at brua skulle bli fløtt innan 14. april 1823, og dei innstemnde skulle betale 24 skilling "Daglig for hver dag som forbigaaes den bestemte Tid."
Eiere:Red GG Merete Red ABj
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Dovrebygde, Alf Eriksen, Hans S. Bjørnsgard, Åsmund Høie, GD 7.8.1981 Arne Amundgård, Sigurd Arnekle

Registrert av:Ola Tovmo

Kommentarer

BLÅ RUTE!!! I 1822 bygde dei ny bru over Rådåe. Det var gardane Hågå, Arnekleiv,Vigenstad og fire Killigardar som sette opp ny bru etter at vårflaumen reiste med brua. Det var mykje bruk for bru, slik at ny bru kom raskt opp att, men da på ny plass. Garden Ruste stemnde desse gardane til forlikskomisjonen i september same året for: "broen fornærmet Klageren paa sin Eiendom." Det vart forlik om at brua skulle bli flytta innan 14. april 1823. Og "dei innstemnde skulle betale 24 skilling ""Daglig for hver dag som forbigaaes den bestemte Tid"" Frå boka "Arnekleiv- ein gard i Dovre" av Sigurd Arnekleiv
Lagt inn 12.09.2022 av Merete Killi Moastuen

Her startar Rådåe 16.juli 22 Foto: MK