Opplysninger om Søre Djupdalsbekken - Kvennbekken vest.
Legg inn bilde Legg inn kommentar| ID: | 745 |
| Område: | Vestsida sør for Jøndalen |
| Plassering: | Djupdalsbekken søre/ Bråtåbekken ( koord. er der vassvegen startar ca) |
| Koordinater: | 32V 0518257 6863989 |
| Bruk: | kvennvatn |
| Historikk: | Søre Djupdalsbekken startar innunder Jetta. Det er fleire tilsig som dannar Søre Djupdalsbekken. Bekken renn ut i Lågen like nord for Dovreskogen Gjestegard. Den kan vera flaumstor og har vatn heile året. Litt lenger sør kom Kvennbekken som vart så og seia turr, noko måtte gjerast for å få nok kvennvatn og vatnarvatn. Det vart derfor grave grøft frå Djupdalsbekken oppe ved Vetl-Heggjom (0518229-6863960), på skrå sør og ned i Kvennbekken.
Den vart lagt gjennom ein undergang ved jernbana. Alf Eriksen og Merete Killi gjekk grøfta frå søre Djupdalsbekken oppe ved Vetl-Heggjom, og ned til undergangen like sør for Dovreskogen Gjestegard. Grøfta er tydeleg i terrenget, med handgrave grøfter og delvis naturleg far. |
| Eiere: | Lest ABj Red GG Merete |
| Tilstand: | |
| Bygningsmåte: | |
| Størrelse: | Undergang: 1,8 m høg og 1,8 m brei nederst |
| Kilde: | Ola Volden, Alf Eriksen, MK |
| Registrert av: | Merete Killi Moastuen |
