Historikk: | Matr. 1723: "1 Qvern". Ein har sett tuftane etter fleire kvennhus heilt i det siste. Det er og funne nokre kvennsteinar. Kvenne var i drift til rundt århundreskiftet 18-1900. Denne kvenne låg synnafor kvenne til Bergseng, og på Bergseng sin grunn.
BLÅ RUTE!!!
Hans S. Bjørnsgard skriv i "Dovrebygde 2008" frå Tingbok 1665: "Hans Nørstegard stemt fordi han natterstid hadde vore i Knut Bjørnsgard`s kveinnhus. Han vart teken av Knut Bjørnsgard og Oluf og Guttorm Engelsgard som låg og passa på, avdi det var stole der før. Oluf ville slå Hans Nørstegard i hel med ei øks, men Knut Bjørnsgard bad for honom. Hans Engelsgard hadde konnet på kveinn. Nykjelen til kveinnhuset hadde Hans Nørstegard funne på Sunndalsøyra, sa han."
Hans Nørstegard (1585-1669) var frå Engelsgard 43/1. På garden er det ikkje registrert kveinn i Matrikkelen verken i 1668 eller 1723. Knut Bjørnsgard (1625-1673) var frå Nørdre Bjørnsgard 42/5. |