Historikk: | Gardane er bygd rundt 1750 som husmannsbruk under Storrusten 66/1. Halvdan Elvestad har fortalt: " Nedst i Storrustbekken hadde Bakken ei kveinn." Ein er usikker på om det har vore ei eller to kvenner.
Det er tømra ein tydeleg kvenndam på fem-seks kvarv der vatnet renn inn frå eit lite sideløp i åa. Her har det nok vore ei luke, slik fekk dei styring på vatnet, både på fart og mengde. Ei trerenne fekk vatnet ned i kvenne. Det er ei tydeleg tuft etter kvenn fem meter nedanfor kvenndammen. Ein tømmerstokk ligg nord-sør, med steinkant på dei tre andre veggane.
Vi ser frå fleire plassar at vatnet gjekk gjennom fleire kvenner, som låg etter kvarandre. Det er uvisst om søre Storrustbakken hadde kvenn, og om så var brukte dei nok felles kvenndam.
Eit gamalt kart frå 1853 av Storrustbekken viser fire kvenner. Nyare kart viser berre tre kvenner. Ein finn og fleire kvennsteinar av dårleg kvalitet liggande ved kvenne, og nokre finare kvennsteinar ved husa i Nordre Storrustbakken.
Ein kan vel utfrå dette vera sikker på at Nordre Storrustbakken ihvertfall hadde kvenn. Og kanskje hadde Søre Storrustbakken ei kvenn og? |