Historikk: | DOMBÅS UNGDOMSHERBERGE, VANDRERHJEM OG
FJELLSKULE 7/79
Ungdomsherberget 7/79 var bygd av den tyske okkupasjonsmakta under krigen, eit rekkehus for lotter, «Haus Gisela». Gunder (1917-1994) og Marie (1914-2000) Bentdal kjøpte og bygde opp det som vart Dombås Ungdomsherberge i 1947.
Dei drifta ungdomsherberget fram til 1962. Dei selde staden til Norske Ungdomsherberger Region Øst i 1961.
Frå Dagningen 15. september 1948:
«Fru Bentdal i Ungdomsherberget på Dombås opplyser at de har hatt over 2000 overnattende i løpet av den korte sesongen. Utenom dette kommer så en masse overnattinger av skoler som har vært på tur.»
Dei fekk «Herberge og kafe-bevilling i mai 1950, Martin Bakken fekk for ungdoms
herberget i 1951, og dei fekk «Herberge og Beverterløyve» for Dombås Ungdomsherberge i 1953.»
Da hadde dei 30 sengeplassar, og opent om sommaren.
Gunn Christin Strand (1953) og Marit Bentdal Amble (1950) er født her,
Gunn Christin og foreldra Astrid Eriksen og Olav Strand 75/11, budde i herberget i seks år, ho hugsar at ho fekk sykle i korridoren.
Marie og Gunder leigde ut rom til fleire dovringar som i periodar ikkje hadde anna bustad.
Ingrun Hagen (1962) fortel at bestemor og bestefar, Hjørdis og Ingvald Gråberg dreiv herberget nokre år fyrst på 1960-talet. Dei laga papirblomster som dei selde.
Dombås Ungdomsherberge fekk på bygd ny fløy i 1961, det vart da 65 sengeplassar på herberget.
Irene Olsen Aavangen (1950) jobba i resepsjonen hjå Lars Olsen og Anne Mari, somrane 1967-68. Sommaren 1969 var det Jens Olstad ho jobba for.
Haldis Melien jobba her i fleire år.
«Norsk leirskoleforening» (NLF) i samarbeid med «Norske Vandrerhjem region øst» og Dovre kommune starta heilårs leirskule her frå 1968, Harald Hammerstad var drivkrafta og rektor på leirskulen Dombås.
Eldri Olsen var kokke på fjellskula, Astrid Berg og Dagny Vole vaska.
BLÅ RUTE!!
Avisreklame 1984
«FAMILIEPÅSKE PÅ DOMBÅS
Noe ledig plass i 4-sengsrom på Dombås Ungdomsherberge i påsken.
Pensj. pris kr. 157,- pr. døgn.
Barnemoderasjon.
DOMBÅS UH
2660 DOMBÅS»
Mari Anne Stormorken vart ny leiar på UH og fjellskulen våren 1984.
«Dombås Vandrerhjem ved Mari-Anne Stormorken hadde opent 20. juni til 12. august 1989, og mot forhands bestilling mellom 15. oktober til 28. februar.»
Mari Anne Stormorken var bestyrar på Dombås Fjellskole og Vandrehjem i 1994.
Drifta av leirskulen og «Vandrarhjemmet» vart flytta til Trolltun Gjestegård frå 1999. Mari Anne Stormorken flytta til Trolltun som leiar i 1995.
Vebjørn Engeli tok over Vandrerhjemmet etter Mari Anne Stormorken.
Revitaklinikken (rusbehandling) var på ungdomsherberget frå 1. september 2006, men på grunn av økonomi måtte dei stenge døra 1. april 2008. Hans Erik Brevik var personalansvarleg, og hadde 14 tilsette, 130 pasientar fekk behandling.
Asylmottak frå 2008 til desember 2016.
Ungdomsherberget var til salgs 20. november 2017,
Gang Shu Wang frå Åndalsnes, kom og prøvde å drive ein kina og sushi restaurant.
Han hadde eit mål om å restaurere romma for overnatting, og han håpa dette skulle bli eit sted dovringane ville bruke.
BLÅ RUTE
Annonse i Vigga 16. mai 2019:
DOMBÅS GJESTEHUS
har åpent 17.MAI
Kinamat (8 retter)
Sushi buffet/kake
Pris 259,- (inkludert drikke)
Pensjonister og barn under 15 år, halv pris.
Take Away VELKOMMEN
Kjøpt av Mari N. Nyborg Marcias (1981), i 2023.
I 2023 var det tre bedrifter som dreiv saman, Svein Emil Nyborg, Gang Shu Wang og Macias Production (musikkproduksjon, etablert 2024, ved Jacob Cesar Macias).
Kjelde:
GD 1. desember 1987, Gerd Gråberg,Trond Nyløkken, Alf Eriksen, Dovrebygde 2018, Irene Olsen Aavangen, Møyfrid og Håvard Berg, Henning Nyborg, Liv Bentdal Aspehol
|