Historikk: | Hondyrju kiosk
0511233-6884871
Den absolutt fyrste kiosken Røde Kors hadde på Hondyrju var den gamle utgåtte sjukebilen, NR. 1. Bilen var ein Austin, som vart utskifta med ny sjukebil i 1955.
Frå bilen selde dei varme pølser, brus og sjokolade. Kjellaug Moen var med som kioskvakt, ho hugsar at det var «voldsomt» med folk der, og at ho fraus mykje, men artig var det òg.
Bera Granum jobba i fleire påsker «gjennom bakluka» på sjukebilen, ho var med sin onkel Georg Kristiansen som var aktiv i Røde Kors.
Her hadde dei og hjelpeutstyr, som eksempel laga dei enkle bårer på slede om dei måtte hente skadde.
Fyrste kiosken her var leikarstugu til Grethe Wilding.
Den var grøn og sto sør for brua over Hondyrju, 25 meter ovanfor riksveg 50.
Drive av Dombås Røde Kors i påska på 1970 -talet.
I kiosken hadde dei sjokolade, is, brus og varme pølser.
Inger Marie Graaberg jobba i kiosken i fleire påsker, «pølse og buljong var slagere»
Frå Hondyrju vart kiosken flytta til Dombås idrettsplass.
Narvesen kiosken ????
Åttekanten?????
Kjelde: Arne Hjellødegård, Henning Nyborg, Trond Nyløkken, Grethe Wilding,
Arve Resløkken
|