Historikk: | Nørdre Åsasætra i Verket 49/1
Hans Granseth er eigar av Nørdre Åsasætra i Verket i Grimsdalen. Det er ei gamal sæter frå rundt 1700-talet, og det har vore tradisjonell sæterdrift i alle år, fleire år var det vintersætring.
Rundt 1970 dreiv Kari Åsen (1913-2000) og mannen Kristian Rønningen
(1917-2008) med utleige av rom for turistar, der geiter og ysting var hovudemne.
Ei stugu vart opp sett nede på kvea i 1971, og delar av ei lyu vart flytta opp til sætra og sett inntil Veslstugu omtrent same tida.
Hans Granseth (1966) og Anne Grete Eline Sannes (1966) prøvde med turisme ein sommar i??????, dei kokte gubb og hadde geiter. Det vart med eit år, mykje arbeid for lite innkomme.
|