Historikk: | Hjerkinn gard 1/1
0530101-6899003
Hjerkinn har heilt attende til 800-talet gjeve overnatting og kost for reisande.
Fyrste fastbuande mann på Hjerkinn trur ein kom rundt 1613, han var da forplikta til å halde ved og hestefòr for reisande.
I 1613 var Peder Clausen Friis på reise og han skreiv om tre fjellstugu på Dovrefjell: Drivstugu, Hjerkinn og Fokstugu.
6. desember 1718 var ein forferdeleg dag på Hjerkinn.
Dette var under den store nordiske krigen der svenskekongen Karl XII prøvde å ta Norge.
Oberst Peter Motzfeldt og hans Nordenfjeldske Dragonregiment ville hindre den
svenske Armfeldt-hæren å komme mot Dovrefjell, derfor øydela dei alle bruer og på Dovrefjell sette dei alle fjellstuguene i brann.
Alle 27 husa brann ned på Hjerkinn, ingen plass å bu og kome innomhus.
Fjellstuguene fekk 1000 rd på deling av kongen, til opp att bygging.
I 1719 var det skrivi eit brev som fortel at garden Bjørnsgard på Dovre bygde eit hus på Hjerkinn som reisande kunne «logere uti».
Pål Erlandsson (1712-1771) overtok garden rundt 1730, han hadde da kyr på bås.
Det vart oppretta ei bygselskontrakt med staten der han plikter å:
--bygge og halde ved like husa
– forsyne reisande med kost og losji mot billig betaling
– halde stall for hestane til dei reisande
– plikt til ettersyn av stakane etter vegen over fjellet.
Desse krava fylgde dei som bygsla Hjerkinn seinare òg.
På kyrkjebakken nedanfor garden og Folldalsvegen stod det ei kyrkje som brann ned i 1536, ein har funne beinrestar her.
Ved eit kongebesøk i 1704 vart namnet Vesl-Hjerkinn omgjort til Hjerkinn.
Skysstasjonen hadde god omtale, både om maten, husa og folket. Her har overnatta både kongelege, sportsmenn, jegerar, vanlege reisande og fant. Fantstugu står like sør for garden.
På 1700 og 1800-talet vart Hjerkinn omtala som den beste skysstasjonen i
Gudbrandsdalen.
Hjerkinn vart postopneri i 1750 åra, fram til jernbana kom i 1921.
I 1801 hadde Simen Pålsson (1754-1830) Søre Hjerkinn, og ga frå seg til sonen Jon (1793-1849) i 1812. Jon var drivar da tolla til fjellstuguene vart slutt i 1842, og i 1843 bestemte staten at det skulle vera eit stutteri på Hjerkinn, men med dårleg
økonomisk resultat vart stutteriet lagt ned i 1856.
Jon var ein god gardbrukar og fjellstugumann, men han hadde dårleg helse og døyde tidleg, han vart treskjærar og skar altertavle til Dovre kyrkje.
Jon var gift med Sigrid Toresdotter (1798-1881) frå Kongsvoll. (Sigrid skal vera fyrste kvinne på toppen av Snøhetta.)
Dei fekk sønene Simen (1820-1886) som tok over, og Tore (1825-1917) som kjøpte Rødøla 63/1, og dotter Ragnhild (1928).
Sigrid: sjå eget skriv. Ho var på Dovreskogen skysstasjon, Snill, hjelpsom, driftig, tøff, klok.
Tore bygde opp Brennhaug hotell på Rusthaugen 63/5 rundt 1870, og starta skysstiftestasjon der. + gjestgiveri
Hjerkinn vart fast skysstasjon 11. januar 1854, Simen Jonsson Hjerkinn var
stasjonshaldar og hadde 20 hestar på stallen, og 40 kyr på beite.
Kongereisa i 1860 gjorde at vegen over fjellet var i utmerka stand, alle hus var rydda og vaska, og stabburet fullt med mat. Etter vegen var det pynta med porter av lauv.
Simen gift fyrste gong med Fredrikke Fredriksdotter (1821-1863), mor til Johan Fredrik (1843-1919).
Simen gift andre gong med Kari Larsdotter (1833-1907), mor til Fredrikke Maria (1865-1927) gift Tomter.
Johan Fredrik (1843-1919) og kona Ingrid (1844) overtok i 1882, og hadde i 1896 ti hestar og 46 sengeplassar.
BLÅ RUTE
Gudbrandsdølen 1905:
HJERKINN HØIFJELDSSANATORIUM
DOVREFJELD ca 3100 Fod over Havet.
Hotel & Pensionat. Aabent Sommer og Vinter.
Moderate priser. Skysstation, Telegraf & Telefonstation.
Postaabneri Adr.: Hjerkinn.
SNEHÆTTEN ( ca 7400 FoH) Bestiges lettest fra Hjerkinn—- Reinheim.
(Logibygning ved foden af Snehætten) ca 6000 FoH. ---
Nærmere Oplysninger medeles af Indehaveren.
Joh. Hjerkinn
Simen Hagbart (1872-1949) overtok Hjerkinn i 1919 på forpaktningskontrakt fram til 1927. Han og kona Stina Hansdotter(1868-1949) frå Hedemark la da fram tilbud til staten om å kjøpe Hjerkinn gard med hus og jord, kjøpesum 30000 kroner.
18. juni 1926 vart Hjerkinn skild ut frå statens eigedom, gards og bruksnummer 1/5.
Alle fjellstuguene på Dovrefjell vart seld til innehavarane.
På 1920-talet hadde Hjerkinn hotell, bil med kalosje, det var stort på den tida.
I KNA-Handbok for 1914 står det at Hjerkinn hadde bensindepot,
Norges Fremtid 15. juni 1931 skriver òg at Hjerkinn Høifjeldshotel har bensintank.
I 1905 annonserar Joh. Hjerkinn med «Hjerkinn Høifjeldssanatorium»
Hjerkinn Fjellstugu fekk konsesjon til å bygge stikkleidning frå høgspenten frå Kongsvoll kraftanleggs høgspentlinje i 1936.
Dette gav berre 5 kW som var alt for lite. I 1960 fekk Hjerkinn straum frå Nord-Østerdal kraftlag.
Da Simen Hagbart døydde danna dei sju barna eit aksjeselskap, som Ingeborg (1908-1951) og ektemannen Martin Onsum Berg var styrarar for, fram til 1952. Da hadde dei 80 sengeplassar på Hjerkinn.
Systera til Ingeborg, Thora (1907-1956) og ektemannen Martin Ekre (1901-1970) kom heim for å drifte fjellstugu i 1952, Anne var med som ei jente sju år.
Da Thora døyde vart Astrid Torland (1928) innleigd som bestyrerinne på fjellstugu i ti år, frå 1957- 1967, ho gifta seg da med Lars Hjerkinn (1922).
Anne Margrete (1945) på 22 år gjekk da inn i styrarjobben på fjellstugu, og har vore der sidan.
Ho vart gift med Inge Leif Larsen (1945), dei fekk Anne Stine i 1968, og Martin i 1970.
Anne Margrete tok over drifta i 1968.
Inge Leif fekk øl og vinbevilli
ng for 1971 på Hjerkinn.
På 1980-talet var fjellstugu ei blanding av hotell og turisthytte, og da E6 fekk ny trase vart det færre som kom innom.
Martin Hjerkind tok over garden i 2011. Han drifter hotell, ridehestar, turistar og sau.
Hjerkinn fjellstue er Norges eldste familiebedrift med samanhengande drift i tretten generasjonar.
Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning byr i dag på hotell, restaurant, badstue, leilegheiter og campingplass.
På Hjerkinn er det uante moglegheitar ute i naturen, dagstur med islandshest, rideturar med overnatting, guida moskusturar, hundeslede turar, jakt, fiske og mange flotte fjellturar. Pilegrimsleden går gjennom garden, og ein er midt i tre nasjonalparkar, Dovrefjell-Sunndalsfjella og Rondane.
Sist på 1800-talet bygde dei på ein glasveranda, og kunne slik annonsere med
sanatorium i høgfjellet. Gjestane budde over tid.
Sanatoriumet tok imot gjestar som lei av tuberkulose, nerveproblemer og andre
lidelsar. Her fekk dei «kura» seg med medisinsk behandling, og glassverandaen
gav sol, varme og frisk tørr luft.
Fjellstugu kunne da kalle seg «Høyfjellshotell» eller «Høyfjellssanatorium».
Ny brann 18. juli 1990, Det 250 år gamle hovudhuset med det gamle kjøkkenet brann ned til grunnen, alle kulturskattar brann opp.
Ei ny moderne hotellbygning stod ferdig i 1992, med 52 sengeplassar.
Utvendig minner fjellstugu om den gamle, innvendig vart peisen sett opp att i
salongen.
Anne og Ragnar Krogstad (1951) var bestyrarpar nokre år 1991
Annekset vart renovert i 2014-15 til fleire moderne leilegheiter.
Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning byr i dag på hotell, restaurant, badstue, leilegheiter og campingplass.
På Hjerkinn er det uante moglegheitar ute i naturen, dagstur med islandshest, rideturar med overnatting, guida moskusturar, hundeslede turar, jakt, fiske og mange flotte fjellturar. Pilegrimsleden går gjennom garden, og ein er midt i tre nasjonalparkar, Dovrefjell-Sunndalsfjella og Rondane.
Hjerkinn Fjellstugu har hatt besøk av kongelege og andre kjendisar, Dronning Sonja og Dronning Margrethe fleire gonger, Aasmund Olavsen Vinje og Ole Bull.
Blå Rute
Olav Sverre Hjerkinn skreiv på sosiale medier april 2014:
«Jeg hadde sommerjobb som bensingut på Hjerkinn fjellstugu rundt 1952. I eigne augo var det stilling med status. Pumpa krevde teknisk kunnen, jeg var Notar ved utfylling av kvitteringer og bok for krita, og ikke minst Banksjef for pengeskrinet. Dessuten vanka det driks.
Det var satt opp ein ny kiosk i krysset Dovre, Folldal og Oppdal på riksveg 50. Der fikk ein kjøpe boks med Del Monte fruktsalat – tilværelsen var nærmest paradisisk!
Men som kjent får vi ikke oppholde oss lenger der, og en dag kom Tora (mor til Anne) og sa at mor hadde ringt, så nå skulle jeg gå for presten. Harde protester, men
Tora var ei myndig bestyrerinne, så jeg ville heller bli konfirmert av presten enn henne.
Min bror Kjell tok over bensingutjobben frå 1955 og noen år framover.»
Engelskmannen Williams skreiv i si
reiseskildring frå 1856:
«Jerkins lovpriste kjøkken fortjener hvert rosende ord. Det er en stor tømmersal, hvis gyldenbrune, røkpatinerte trevegger og sprakende ild, hvor der til enhver tid stekes ett eller annet, danner en ytterst behagelig kontrast til det grå ødet utenfor.
Det er overmåte vanskelig å holde opp med å spise på et sådant sted, skjerpet som ens matlyst blir i en sådan atmosfære, og hvor dertil vertinnen, hvis høyeste lykke det åpenbart er å mate folk, uopphørlig frister en...»
Hjerkinn utmerker seg òg med en slags polpette (kjøttkaker).
Emily Lowe reiser òg heile Gudbrandsdalen, som Williams slår Emily uforbeholdent fast at stasjonen til madame Hjerkinn er det aller beste stedet mellom Christiania og Trondhjem. Og her møtes alle.
Det var vanskelig å ta farvel med dette stedet. Den stadige ankomsten av reisende gjorde det fornøyelig å være der, og skaffe oss kjennskap til de innfødte som var på reise.
De var alle oppriktige, omgjengelige, og begeistret over å berette.»
Kjelde:
Anne Margrete Hjerkind Ekre, Dovrebygde 1991 og 2010, Arnfinn Engen «Skysstell og skysstasjonar i Gudbrandsdalen»
LILLA RUTE
Inge Leif Larsen, sjå Dombås Hotell
Martin Onsum Berg, sjå Dovregubbens Hall
Fredrikke Maria Hjerkinn, sjå Kyrkjestugu
Sigrid Kongsvoll Hjerkinn, sjå Brennhaug skysstasjon
|