Historikk: | Hageseter Turisthytte A/S
0528482-6896129
Hageseter Turisthytte ligger på den gamle sæterstulen, Gautåsæter på Dovrefjell, som har historie attende til 1600-talet.
Johan Fredriksson Hage (1877-1963) og Mathea Kristiansdotter bygde opp setra på 1920- talet, da med sæterstugu, fjøs, liu og geitfjøs.
Jernbana kom over Dovrefjell i 1921, dermed auka fotturismen og budeia vart
oppteken med å vera vertinne. Dei diska opp med sæterkost og leigde ut seng.
Behovet for meir plass for turistar auka, så i 1936 flytta dei eit bustadhus frå heime innpå sætra, det vart Hageseter Turisthytte.
Etter Johan og Mathea tok sonen Fredrik J. Hage (1911-1993) og kona Solveig
Thalberg over i 1939, sonen deira Johan Olav Hage (1947-2024) og kona Dagmar
Rundtom dreiv frå 1999.
Og deira son Ole Fredrik Hage(1971) og kona Mette Eikeland dreiv fram til 2016.
I 2016 vart Hageseter Turisthytte seld til Gautåseter AS, som blir drivi av Guri Ruste og Henry Baukhol Ruste.
Teltcamping var det frå midt på 1960 talet.
Turisthytta vart frådelt frå sætra på 1970-talet, og det vart bygd
fleire hytter, blandt anna sett opp ei frå Hjerkinn sætre og ei frå Nørdre Hjelle.
På 1990-talet vart det bygd eit nyare servicebygg og fleire hytter, det vart ein stor campingplass.
Aslaug Johnsgård arbeida hjå Johan og Dagmar i fem år, ho treivst veldig godt.
I dag har Hageseter Turisthytte alt frå telt til hotellrom.
- 76 oppstillingsplassar for campingvogn og bobilar inntil elva Folla, med straum
og kabelTV
- nytt sanitærbygg i 2013 med tømmeanlegg, dusj, toalett, familierom, HC rom og to
disponible kjøkken som alle kan benytte seg av
- 12 renoverte og moderne hytter med topp standard til noko enklare, alle har
dusj,WC, TV og eit lite kjøkken, hund kan ein og ha med seg.
- Eitt rom med hotell og HC standard i servicebygget, samt fem vanlege rom
- Her serveres «heimlågå mat» frå morgon til kvelds
- Kafeteria og resepsjon i hovudbygget, her kan ein ha møter og ulike selskap
- Opent heile året ved bestilling
Blå Rute
Frå ei annonse i Aftenposten 22. juli 1949:
«PÅSKE -49. Hytte ved Hjerkinn. 8 soverom, 16 senger, 2 kjøkken m. alt utstyr,peisestue. Passe forening eller selskap, noe mat kan skaffes.
Solveig Hage, Dovre»
Kjelde:
«Sætrer og sæterdrift i Dovre», «Bygdabok 2 for Dovre», Guri Ruste, Geir Killi
|