Historikk: | Dovrefjell Lodge
0519300-6891347
Furuhaugli Turisthytte, skrivi av Magne Vorkinn:
( « og kort/bilde frå Kjell Moen»)
« Mathias og Olga Vorkinn kjøpte gardsbruket Arnekleivsvollen (Ronn) 23/11/ i 1922. Det var ikkje seter til bruket, men i møte i Dovre fjellstyre den 7. juni 1929
«besluttedes å utvise seter i Furuhauglien i Dovrefjell Statsalmenning til gårds nr. 23 bruks nr.11 Arnekleivsvollen i Dovre kommune.»
Furuhaugli ligg fritt og fint til i bjørkeskogen i nordre del av Vålåsjøen.
Mathias og Olga starta bygging av seterhus og allereie frå hausten 1930 var setring i gang. Det var utvist ca 7 dekar seterkve og dei hadde både kyr, grisar og høner på setra. Samtidig med setringa starta dei opp med turisme på Furuhaugli.
Det var særleg utleige av seterhytte og hus, og mange turistar kom att år etter år.
Ei av hyttene vart kalla «Gøbelhytta» fordi familien frå Oslo nytta hytta i heile fire generasjonar framover i tid.
Mathias og Olga sette stor pris på å vera turistvertar og samtidig gav det ei kjærkomen attåtinntekt til gardsbruket heime. Mange turistar har gode minner frå opphaldet på setra.
Setra i Furuhaugli vart etter kvart ein viktig del av drifta på garden. Da Anne og Ola Vorkinn tok over garden i 1954 vart setra utvida med fleire hytter og med matservering. Trafikken auka kraftig på 60- og 70-talet og det vart behov for stadig utvidingar. På 60-talet vart det innlagt straum og telefon. Da vart bensinmotoren som dreiv mjølkemaskina bytta ut. Og det vart mykje lettare allting på setra.
Mange campinghytter kom opp og eit større kafeteriabygg stod ferdig sist på 90-talet.
Påska kunne vere ei stor utfordring med mange gjestar og ofte kunne det vere ymse slags ver, 1007 meter over havet.
Seterstell og turisme gjekk hand i hand på Furuhaugli i mange år.
På det meste var det 14 kyr, 30 geiter og 10 lausnaut på setra. Etter kvart vart det så stor turisttrafikk at det vart vanskeleg å drive med seterstell attåt. Det var husdyr på Furuhaugli fram til 1975. Frå da vart setra Furuhaugli Turisthytter, ei rein turistbedrift på Dovrefjell med gards nr. 87, bruks nr. 1, feste nr. 127.
Da eg Magne og Bodil Vorkinn tok over garden i 1990 dreiv Anne og Ola Furuhaugli Turisthytter vidare som heilårs bedrift. Ny kafeteria og peisestove vart bygd og det vart satsa på ulike selskap, både store og små. Mange feira konfirmasjonar, bryllaup og ulike jubileum. Særleg bygdafolk frå Dovre, Lesja og Folldal var ivrige til å bruke tilbodet på Furuhaugli.
Mange hadde Furuhaugli som utgangspunkt for reinsjakt og fuglejakt.
Furuhaugli var også ei tid knytt til Den Norske Turistforening sitt vandrenett og mange turistar kom over fjellet frå Grimsdalshytta og skulle vidare med tog.
Furuhaugli hadde ei tid også båtutleige på Haukskardstjønne ved foten av Blåhøe.
I tillegg har Furuhaugli båtnaust og båtutleige på Vålåsjøen og mange turistar freista fiskelukka på sjøen.
Det vart satsa vidare med bygging av hytter og arealet vart utvida til om lag 18 dakar. Større plass måtte til både til å huse campingvogner og eit større reinseanlegg.
Anne og Ola dreiv i 46 år fram til Inger-Lise Vorkinn og Stein Pedersen tok over Furuhaugli Turisthytter i år 2000. Dei satsa vidare med bygging av fleire hytter og seinare eit større motellbygg.
Inger-Lise var utdanna inna hotell-og restaurantfaget og ho og Stein utvikla
Furuhaugli til å bli ein stad der mat og matopplevingar vart ein viktig del av drifta. Med naturen og nasjonalparkar på alle kantar var det naturleg å nytte naturens overskot som råvarer på kjøkkenet.
Eit mikrobryggeri var også ein del av dette. Restaranten vart etterkvart godkjend som lærebedrift innan restaurantfaget og fleire lærlingar har fått sitt fagbrev på Furuhaugli.
Samtidig utvikla dei eit nytt konsept med moskusguiding og elgsafari. Dette vart også eit svært populært tilbod. Dei siste år har pilegrimar og sykkelturistar vorte ein del av
gjestane på Furuhaugli.
Furuhaugli vart etterkvart ein stor arbeidsplass for ungdommar frå bygda. Dessutan hadde dei avtale om internasjonal utveksling av ungdommar, opp gjennom åra har fleire 10-tals ungdommar frå ulike land i Europa hatt opplæring. Fleire av desse kom att år etter år- også med sine familiar.
Inger-Lise og Stein hadde mange planar om å utvikle Furuhaugli framover. Slik skulle det ikkje gå. Inger-Lise døydde brått på ein ferietur med familien på Rarotunga (New-Zealand) i 2018. Stein og gutane såg seg ikkje i stand til å drive vidare utan
Inger-Lise. Furuhaugli vart seld hausten 2019.»
Nye eigarar av Furuhaugli er Lina Kayser og Jo Andre Hagen, begge frå Bergen.
Mange har opp gjennom åra hatt gode opplevingar og gode minner frå opphaldet sitt på Furuhaugli.
Om nokre år kan Furuhaugli feire 100 år i turismens teneste på Dovrefjell.»
BLÅ RUTE!
Mathias Vorkinn fekk «Herberge- og Kafe-bevilling» i Furuhauglia i mai 1950, og i 1951 for Furuhaugli sæter.
Dovrefjell Lodge
Furuhaugli motel (og hotell)????????????????????????
(Stein har digitale bilder tlf 92444831. Vigga 13.02.2020 – 09.12.2004 – 05.09.2019
GD 20.09.2019 – 14.02.2020)
|