Historikk: | Trolltun Gjestegård, Trolltun Hotell og Hytter
0507538-6882829
GRÅBERG HYTTESENTER
Nils og Gerd Gråberg bygde opp fem utleigehytter rundt 1980, oppe ved Dombås Skiheiser.
Hytter med seks-sju sengeplassar, bad og wc, og fullt møblert.
Kvar hytte kosta rundt kr 250000,-, sett opp av Dombås Bygg.
I 1985 vart dei kjøpt opp av, og vart starten på Trolltun Gjestegård.
BLÅ RUTE!!!
Avisreklame 1984
PÅ GRUNN AV SYKDOM
er en hytte ledig for påsken, 6-7 sengeplasser.
GRÅBERG HYTTESENTER
Dombås
Trolltun vart bygd som sportshotell i botnen på slalåmbakken i 1984. ??????.
Trolltun Fritidssenter A/S vart bygd og opna i 1988.
Bygningen vart på rundt 1400 kvadratmeter, Ola Moum var arkitekt og Dombås Bygg stod for bygginga. Både hovudbygget og motell fløyen har to og ein halv etasje. Her var berekna plass til 120 gjestar i kafeteriaen, og 100 gjestar i kjellaren på restaurant, kjellarstugu og diskotek, på hemsen er det salong og møterom.
Trolltun Fritidssenter hadde fleire aksjonærar i ryggen:
Dombås Bygg, Bjørn Ingvaldsen, Sport og fritid Dombås, Nils Gråberg og Trollstua.
Sommaren 1987 fekk dei fleire med i selskapet:
Jora Maskin, John Holum, Terje Frich, Dombås skiheiser, Hans Ole Siljehaug, Jørgen Aa, Olav Siljehaug, Hans Nørstebø og Contress A/S Hamar.
Bjørn Ingvaldsen frå Lora vart tilsett som dagleg leiar.
Brødrene Arne (1939), Odd (1942) og Gudmund (1952- 2022) Stigen overtok
Dombås skiheiser i 1986.
Dei kjøpte Trolltun i 1995, Vandrerhjemmet i 1998, og den store tømmerhytta i 2003.
Dei fekk da ei stor hytte og 11 mindre, 47 nye sengeplassar, caravanplass, varmebu og hybelleilegheiter.
VANDRERHJEMMET / FJELLSKULEN / UNGDOMSHERBERGET
Ungdomsherberget 7/79 var bygd av den tyske okkupasjonsmakta under krigen, eit rekkehus for lotter, «Haus Gisela».
Gunder (1917-1994) og Marie (1914-2000) Bentdal kjøpte og bygde opp det som vart Dombås Ungdomsherberge i 1947. Dei drifta ungdomsherberget fram til 1962.
Frå Dagningen 15. september 1948:
«Fru Bentdal i Ungdomsherberget på Dombås opplyser at de har hatt over 2000 overnattende i løpet av den korte sesongen. Utenom dette kommer så en masse overnattinger av skoler som har vært på tur.»
Dei fekk «Herberge og kafe-bevilling i mai 1950, Martin Bakken fekk for ungdoms
herberget i 1951, og dei fekk «Herberge og Beverterløyve» for Dombås Ungdomsherberge i 1953.» Da hadde dei 30 sengeplassar, og opent om sommaren.
Gunn Christin Strand (1953) og Marit Bentdal Amble (1950) er født her,
Gunn Christin budde i herberget i seks år, og hugsar at ho fekk sykle i korridoren.
Astrid Eriksen og Olav Strand 75/11, foreldra til Gunn Christin dreiv herberget frå 1953-1960.
Ingrun Hagen (1962) fortel at bestemor og bestefar, Hjørdis og Ingvald Gråberg dreiv herberget nokre år fyrst på 1960-talet. Dei laga papirblomster som dei selde.
Dombås Ungdomsherberge var påbygd ny fløy i 1961, det vart da 65 sengeplassar på herberget.
Irene Olsen Aavangen (1950) jobba i resepsjonen hjå Lars Olsen og Anne Mari, somrane 1967-68. Sommaren 1969 var det Jens Olstad ho jobba for.
Haldis Melien jobba her i fleire år.
Terje Kaas i gruppa «Four Stars» spela da Aud og Mikal Thøring gifta seg på Ungdomsherberget i 1965.
«Norsk leirskoleforening» (NLF) i samarbeid med «Norske Vandrerhjem region øst» og Dovre kommune starta heilårs leirskule her frå 1968, Harald Hammerstad var drivkrafta og rektor på leirskulen Dombås.
Eldri Olsen var kokke på fjellskula, Astrid Berg og Dagny Vole vaska.
BLÅ RUTE!!
Avisreklame 1984
«FAMILIEPÅSKE PÅ DOMBÅS
Noe ledig plass i 4-sengsrom på Dombås Ungdomsherberge i påsken.
Pensj. pris kr. 157,- pr. døgn.
Barnemoderasjon.
DOMBÅS UH
2660 DOMBÅS»
Dombås Vandrerhjem ved Mari-Anne Stormorken hadde opent 20. juni til 12. august 1989. Mot forhandsbestilling 15. oktober til 28. februar.
Revitaklinikken (rusbehandling) var på ungdomsherberget frå 1. september 2006, men på grunn av økonomi måtte dei stenge døra 1. april 2008. Hans Erik Brevik var personalansvarleg, og hadde 14 tilsette, 130 pasientar fekk behandling.
Asylmottak frå 2008 til desember 2016.
Drifta av leirskulen og «Vandrarhjemmet» vart flytta til Trolltun Gjestegård frå 1999. Mari-Anne Stormoren flytta da med til Trolltun
Ungdomsherberget var til salgs 20. november 2017,
Gang Shu Wang frå Åndalsnes, kom og prøvde å drive ein kina og sushi restaurant. d
Han hadde eit mål om å restaurere romma for overnatting, og han håpa dette skulle bli eit sted dovringane ville bruke.
Annonse i Vigga 16. mai 2019:
DOMBÅS GJESTEHUS
har åpent 17.MAI
Kinamat (8 retter)
Sushi buffet/kake
Pris 259,- (inkludert drikke)
Pensjonister og under 15b år, halv pris.
Take Away VELKOMMEN
Kjøpt av Mari N. Nyborg Marcias (1981), i 2023.
I 2023 var det tre bedrifter som dreiv saman, Svein Emil Nyborg, Gang Shu Wang og Macias Production (musikkproduksjon, etablert 2024, ved Jacob Cesar Macias).
TROLLTUN
Unni Groven (1970), dagleg leiar og sambuar Ove Vadet (1963) styreleiar kjøpte Trolltun 6. sept 2015.
Dei har 25 tilsette AV ????????????????????HVEM
tidligere eigar Roar Nilsen (Proff )
Motellet har 19 store rom der fleire er bygd for HC, i kjellaren på motellet er det bygd sanitæranlegg for caravanplassen. Dombås Idrettslag har og sanitæranlegg i kjellaren.
Caravanplassen er på 20 mål og har plass til rundt 50 campingvogner, alle med straum og tv uttak.
To av dei kvite brakkene ???ved Dombås hotell vart flytta hit.
I 1987 vart økonomien dårleg og banken tok over drifta. Irene Olsen Aavangen (1950) drifta Trolltun i tre år, 1988-89-90 (91), ho budde da på eit rom inne på hotellet.
Erland Borstad (1953) var dørvakt eit års tid denne perioda.
Dombås Hotell kjøpte Trolltun i 1993, plana var å drive båe hotella.
Ole Jakob Sæther og Turid Olsen, som kom til Dombås Hotell i 1994, Skullestyre hotella saman.
Trolltun Fritidssenter hadde fleire aksjonærar i ryggen:
Dombås Bygg, Bjørn Ingvaldsen, Sport og fritid Dombås, Nils Gråberg og Trollstua.
Sommaren 1987 fekk dei fleire med i selskapet:
Jora Maskin, John Holum, Terje Frich, Dombås skiheiser, Hans Ole Siljehaug, Jørgen Aa, Olav Siljehaug, Hans Nørstebø og Contress A/S Hamar.
Bjørn Ingvaldsen frå Lora vart tilsett som dagleg leiar.
Kjelde:
GD 1. desember 1987, Gerd Gråberg,Trond Nyløkken, Alf Eriksen, Dovrebygde 2018, Irene Olsen Aavangen, Møyfrid og Håvard Berg, Henning Nyborg
|