Historikk: |
Shell, Storrusten 7/38 og 8/16
0506514-6882393
Ingebrigt Storrusten (1900-1967) frå Storrusten 66/1 og kona Magnhild Holum (1903-1988) bygde fyrste stasjonen i 1931, på Vegmillom 7/38, mellom Samvirkelaget og Shell. Eit lite murhus med takoverbygg og pumper, vaskeplass og smørjebukk.
Inne på stasjonen fekk Dombås sitt fyrste offentlege toalett. Stasjonen vart rive i 1960.
Dei bygde både verkstad og privat bustad i 1933.
Ingebrigt og Magnhild bygde opp Dombås Reparasjonsverkstad, Shell pumpestasjon, vaskehall og smørjehall på Trekanten i 1961. Her vart det òg lokalar for elektrisk forretning og frisør, og dei hadde planar om ein «snackbar».
I 1962 hadde dei fire faste tilsette på bensinstasjonen og tre mann på verkstaden.
Storrusten hadde 18 tilsette i 1963.
Simen Rudin sa i sin tale på opninga av bygget:
«Ingebrigt Storrusten starta på Dombås i 1921, da med ein verkstadbenk av tretoms plank, skrustikke, slegge og spett, og fram til i dag, da hans livs drøm står der som ein ruvande betongkoloss.»
Ingebrigt retta ein varm takk til byggmeistar Iver Nilstad, og til sine sonar Leif (1929), Ivar (1933-2015) og Kjell (1936).
Frå 1963 eigde Leif, Ivar og Kjell Reparasjonsverkstaden A/S saman.
Per Storrusten er eigar av lokala i dag.
Olaf Frich leigde den gamle verkstaden frå 1962 til 1971, han hadde kafeteria i
hovudetasjen med kjøkken i kjellaren.
Ole Magne Lie hadde sommarjobb på bensinstasjonen 1969-71. Han var over vegen til Viking Inn for å kjøpe seg mat, på Shell hadde dei kun ei sjokolade, og den var ikkje god.
Lise Pettersen jobba på Shell frå 2002-2009.
På Shell stasjonen selde dei ulike matvarer som pølse, hamburger o.l. Kakedisk og isdisk, brus og kaffe. Diverse bilrekvisita, òg dei hadde videoutleige på 1980-talet.
Åtte tilsette mista arbeidet 1. april 2012 da Shell sentralt la ned kiosken/butikken på stasjonen. Pumpestasjonen og verkstaden er fortsatt i drift.
Reisehåndbok, Lillehammer og Gudbrandsdalen 1953:
«Dombås Reparasjonsverksted. Shell bensin og oljer. Gummi og rekvisita.»
Husk bilde av Storrustenbygget frå da Frich var der. Kjetil Blæstrud gjev lov å bruke det om vi skriv «REIDUN BLESTRUD SITT PRIVATE BILDE» FRICH??????
(reklamebilde, almanakkbilde juli 2004)
Gåmålt frå Dovre 1996 bøverbru
Kjelde: «Butikkar i Dovre 1820-1980» |