Historikk: | Bokhandelen
0506443-6882320
Gamle bokhandelen, Kaupanger 7/2, stod bak samvirkelaget og var nærmaste nabo til Nordrum. Bygget er spesielt og historisk.
Bokhandelen stengte 1. mas i 1980.
I 2002 kjøpte Roar Dombås bygget og flytta det slik det stod, med spesialtransport, til øvst på Dombaasjordet.
I 2004 var Coop eigar, men huset var ikkje i bruk, før Mari Siljehaug kjøpte huset i 2007. Ho opna garnbutikken «Tusen og en tråd» i 2009.
Ei periode rundt 2013 var der ein «Landbutikk» frå Bjorli her.
Marit Nyhus tok over huset i 2018 og opna «HEIME», ein liten koseleg kafe med fersk bakst frå Brendjordsbyen på Lesja, kaffebar og lunsjrettar.
Ho hadde og forskjellige kveldstemaer, men i 2021 måtte ho slutte på grunn av
økonomi.
«Heime» vart seld hausten 2024 til Vøle Holding A/S ved Lasse Stadeløkken (1979),
Laila Doseth (1972), Berit Hoelsbrekken, (1971) og Ole Jakob Sønstebø, og fekk nytt namn, «Bokhandelen».
Berit Hoelsbrekken selde seg ut våren 2025 og Laila Svendsgard (1975) kjøpte delen hennar.
Dei har mala opp att utvendig med linolje, og malt veggane inne i lokalet.
Det er sett inn møblar med sjel, og utemøblar er på plass foran døra.
«Bokhandelen» opna 4. juli 2025.
Her serveres det heimlaga mat, både middag, lunsj og kaffe. På menyen har dei «blings»med forskjellig pålegg, heimebaka kaker, dagens suppe og dagens middag, og stort utvalg i kva slag kaffe ein ynskjer.
Det er kveldsopent og skjenkebevilling til kl 22.00 kvar dag, i helgene er det opent til kl 02.00. Dette kan bli endra etterkvart. Tappetårnet er på plass.
Eigarane har ulike kulturplanar framover.
Tilsette frå fyrste dag var Andrine Hagevold (2001), Madelen Ovrum (1998), dagleg leiar, og Aurora Snipen Bakken.
Kjelde: Vigga 4. juli 2025, «Butikkar i Dovre, 1820-1980», GD 13. juli 2025
|