Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Grønbakkebua/ - 3543 m

Opplysninger om Kongsvold Fjeldstue Frich`s.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:1127
Område:Vestsida sør for Jøndalen
Plassering:Drivdalen
Koordinater: 32V 0531388 6908134
Bruk: Hotell
Historikk: Kongsvold Fjeldstue & 0531388-6908134 Kongsvold Fjeldstue var frå gamalt kalla «Holet», garden låg da noko lenger ned i Drivdalen, i sør-Trøndelag. Kongsvold er ein gard frå 1100-talet, nå med 29 hus, 30 rom og 65 sengeplassar. Kongsvold fekk fjellstugustatus med rett til korntoll i 1673, og garden var i kongens eige til 1934. Kongsvold Fjeldstue vart verna på 1930-talet, og seinare freda. Det var kong Fredrik 4. som gav namnet Kongsvold på si reise i 1704. Som på Hjerkinn og Fokstugu brann òg Kongsvold Fjeldstue heilt ned under brannen 2. og 3. desember 1718. Det var under den store nordiske krigen, der Oberst Peter Motzfeldt og hans Nordenfjeldske Dragonregiment ville hindre den svenske Armfeldt- hæren å kome mot Dovrefjell, derfor øydela dei alle bruer og sette alle fjellstuguene i brann. Tretten år seinare var det opp att kome 16 hus, og dei hadde tolv hestar. I bygselskontrakta var det bestemt kor mange hestar skysstasjonen måtte ha. Spisesalen er frå rundt 1720, her har det vore servert mat kvart år sidan. Fjellstuguene har alltid teke imot reisande, og gjeve mat, kvile og skyss. Ingen kunne bli avvist, det var lovfesta allereie før år 900 av Gulatingsloven. Da kong Kristian 6. reiste i 1733 hadde han med seg rundt 1000 mann. Kongsvold hadde postkøyring frå 1734, og postopneri frå 1889. Per B. Holaker var postopnar fram til 1950, da NSB overtok. Sist på 1700-talet reiste det fleire utanlandske eventyrarar og forskarar rundt om i Norge, Kongsvold-områda og Dovrefjell var spennande å forske på. Kongsvold Kro vart opna i 1960, og vart ein sensasjon som fyrste vegkro der gamle bruksgjenstandar var utstilt. Kongsvold Fjeldstue har vore i same familie i 303 år, frå 1670 til 1973. Per Bjørnar Holaker vart siste greina i Kongsvold slekta, han døde i 1973. Oline (Lina) Synnøve Kongsvold (1870) gift med Sigurd Holaker (1867) fekk tre barn: Tor, Ingeborg og Per Bjørner Holaker (1907- 1973). Lina og Sigurd tok over Kongsvold i 1898, og kjøpte heile Kongsvold med hus, innmark og Kongsvold fjellstueutmåling i 1935, av staten. Per Bjørner tok over etter sin mor i 1943, han vart ein kjent fjellstugumann. Han var ivrig på alt med naturen, reinstamma, botanisk hage, og at det skulle bli ein nasjonalpark på Dovrefjell der Kongsvold-eigendommen inngjekk. Per Bjørnar Holaker døde i 1973, og Dovrefjell nasjonalpark vart opna i 1974. Han testamenterte Kongsvold Fjeldstue til Miljøverndepartementet i 1973, da meinte han å at fjellstua skulle inngå i Dovrefjell nasjonalpark. Han ville òg at Kongsvold Fjeldstue og gard skulle drivast av fagkyndige hotellfolk, og at gardsdrifta og forsking skulle fortsette. I dag er det Riksantikvaren og Statsbygg som har det overordna ansvaret for Kongsvold Fjeldstue.. Etter Per Bjørnar Holaker stod Kongsvold Fjeldstue stengt i to år før ny bestyrar overtok. Bestyrar har boplikt utanom feriar, leiga er på åremål enten med årslønn eller på leigebasis. BLÅ RUTE Frå boka «Kongsvold fjeldstue»: «Den store og prektige bygningsmassen forteller om velstand på Kongsvold Fjeldstue i tidligere tider.» «Fra å være gammel skysstasjon og fjellstue er Kongsvold i dag et tradisjonsrikt hotell med moderne komfort». Bestyrarar på Kongsvold Fjeldstue etter Per Bjørnar Holaker: Petra og Erik Riise 1975-1979. Den viktigaste oppgava for Petra og Erik var nok å sette i stand Kongsvold Fjeldstue så dei kunne opne opp att for gjestar. Det var mykje å restaurere på heile garden, men i samarbeid med Statens bygge-og eigendomsdirektorat kom dei godt i gang. Noko av det fyrste å ta tak i var vatn og kloakk, som ikkje tilfredsstilte krava frå helsevesenet. Kristi og Olav K. Nyhus 1979-1987 Bestyrarparet Kristi og Olav moderniserte Kongsvold Fjeldstue slik at dei kunne konkurrere med andre turist bedriftar. Dei hadde sikker stilsans, og saman med distriktssjef Moen vart Kongsvold Fjeldstue eit komfortabelt hotell, der det gamle preget kom fram. Kristi og Olav K. var foreldra til Knut J. Nyhus, og var bestyrarar på Dovrefjell hotell fram til 1979. ____________________________________________________ Mari Vigerust og Bjørn Terje Rangul 1988-1996 Mari og Terje fortsette utviklinga av fjellstugu i same stil og med stort engasjement. __________________________________________________________ Kari Mjøen Saastad 1997 Kari hadde med seg Bernt Saastad da ho hadde eit vikariat for Mari Rangul. Kari og Bernt fekk opninga av Pilegrimsleden i 1997. Kari seier at dette er ikkje ein ni til fire jobb, og ein må vera to. Kari søkte òg på bestyrar jobben på Kongsvold Fjeldstue saman med 26 andre, hausten 1998. ______________________________________________________ Ellen og Knut J. Nyhus 1998-2020 Ellen og Knut gifta seg i Eysteinskyrkja og hadde festen på Kongsvold Fjeldstue i 1980. Da var det foreldra til Knut, Kristi og Olav K. Nyhus som var bestyrarar. Knut var direktør på Dovrefjell Hotell frå 1992-1996. Knut og Ellen Nyhus overtok drifta på Kongsvold Fjeldstue i januar 1998. Da Ellen og Knut overtok bestemte dei seg for å satse på matkultur, og vart ein av dei beste spisestadane i Trøndelag. Paret satsa på lokale råvarer, vin og ein unikt flott spisesal. Ellen hadde det meste av kontorarbeidet, og ho hadde opplegget for lærlingane og andre dei hadde i arbeid. Knut jobba mest med maten, vinen og i spisesalen, dette måtte vera perfekt. Dei tok imot større lag som bryllaup, konfirmasjonar, møter og bursdagar. Dei hadde mange hovudmenyar, med fleire oppskrifter på kvar. Snøhettameny, med reinskjøtt. Knutshømeny, med kjøtt. Kaldvellameny, med fjellaure. Grønbakkemeny, vegetar. Sommarmeny var ny kvart år, i 2018 kunne ein velja mellom ein 5 eller ein 8 retters smaksmeny, ein veganmeny eller ein dagens 3 retters meny. Moskuspatè var Kongsvolds Signaturrett. Ellen og Knut hadde kokkelærlingar i mange år, og alle bestod fagprøva. Kongsvold vart «Årets Lærebedrift i 2011». I resepsjonen stod dei båe to. Dei hadde vinterstengt mellom november og februar, det var ingen ferie, mykje å ordne før neste sesongstart. Ellen og Knut meiner òg at å styre Kongsvold er ein jobb for to, kanskje tre, dottera Eline var ein god medhjelpar. Ellen og Knut skriver i boka «Kongsvold Fjeldstue»: «De bestemte seg for å utvikle Kongsvold til en bærekraftig bedrift basert på stedets historie og tradisjoner. Kombinasjonen av kulturhistorie, nærhet til Dovrefjell og satsing på matkultur, skulle løfte Kongsvold frem. Visjonen var å få Kongsvold til å fremstå som noe ut over en vanlig, tradisjonell fjellstue – ET SANSENES RIKE». Ellen og Knut hadde avsluttingsfest 3. november 2019, Kongsvold Fjeldstue stod ferdig for avlevering i februar 2020. Staten og Miljøverndirektoratet overtok, og dei måtte nå finne ny bestyrar. Boka «Kongsvold Fjeldstue» av Ellen og Knut J. Nyhus. Det er mykje meir å skrive om Kongsvold Fjeldstue, men vi avsluttar her, samtidig som vi anbefaler boka «Kongsvold Fjeldstue» utgjeve i 2019 av Ellen og Knut J. Nyhus. Boka har mange fantastiske bilder, frå Kongsvold, naturen, oppskrifter og matretter, samt at boka er full av historia om livet, husa og folket. Ellen og Knut J. har fortsatt nokre eksemplar for salg. ________________________________________________________________ Øyvind Frich Juni 2020---- Sist i mai 2020 vart avtala med Riksantikvaren og Øyvind Frich klar, og Frich opna fyrst i juni. Det var ei tidsbegrensa avtale ut året, med moglegheit for forlenging. Frich`s tanke er å få fleire arrangement, der det kjem mange gjestar samtidig som alle skal ha det same. Kongsvold Fjeldstue fekk nytt namn, Frich`s Hotel og Spiseri Kongsvold Riksantikvaren ved Statsbygg moderniserte og flytta leilegheita i nordre enden av hovudhuset, slik at det vart ny resepsjon og handicap-toalett. Ellers er det renovert fleire rom. Kongsvold har 32 rom med dusj og toalett, 72 plassar i spisesalen, samt moderne kurssal og koselege salongar. Kongsvold har nå ein fast tre-retters middag på menyen. Det er skrivi leigeavtale på konferansar heilt fram til 2033. Frich`s tanke er å få fleire arrangement, der det kjem mange personar samtidig som alle skal ha det same. Det er å håpe at Kongsvold er ein plass folk vil stoppe ved, for lunsj i den nå nyopna Kroa, for matopplevingar, historier og ikkje minst for naturen. Kjelde: boka «Kongsvold Fjeldstue» av Ellen og Knut Nyhus, Frich`s Magasinet ved Øyvind Frich
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Sjå tekst

Registrert av:Merete Killi Moastuen