Historikk: | Dombåstun
0506200-6882457
Kronprins Harald var på Dombås og opna Dombåstun i desember 1966.
Stortinget hadde avstemming på kven av Oppdal og Dombås som skulle få idrettssenteret, der det vart vedteke bygging på Dombås.
Namnet vart «Norges Idrettsforbunds, trenings og kurssenter Dombåstun», Erling Fjeldstad (1928) var styrar fram til 1989.
Det var ein stor gymsal, stort kjøkken, spisesal, szkiosk ved inngangen, og motell standard rom. Tre sove hus med fem rom i kvar. Dei fleste toppidrettsutøvarar i
Norge i 1960-70 åra var på trening på Dombåstun.
Jostein Kolstad kjøpte Dombåstun av Norges Idrettsforbund i 1989.
Jostein tilsette Mildrid Torsgard og dei drifta motellet for turistar som ville ha eit
billegare alternativ enn hotell.
Olav og Gerd Graven leigde motellet av Jostein nokre år, før Berit Hammeren og Svein Jarli leigde eit par år frå 1991-1993.
Randouth F. Tillery (1955) drifta Dombåstun frå 1993 til 1998.
Grethe (1948) og Harald (1947-2025) Wasmuth overtok leiga av Dombåstun i 1998. Dei dreiv under Jostein eit år før dei starta sjølvstendig.
Dei endra namnet til «Dombåstun Motell, Mat og Gjestehus», og hadde både frukost og middag til turistane.
Grethe tok sats og opna for bygdefolket, dei leigde ut sjølve treningssenteret til HVPU Dovre.
Dombåstun vart mykje brukt til selskap, bryllaup, konfirmasjonar, pub, møter og ikkje minst «sondagsmiddag».
I kjellaren var det ei peisestue, der stod det ei stor fontene og ei tredemølle, Grethe fekk ein ide, her skulle det bli «Kjelleren kro, med Gresk atmosfære og pub».
Reidar Hole, Jostein og Harald fekk jobben. Grethe pynta opp lokalet, som eksempel kokte ho frukt og grønsaker som ho sylta på norgesglas, og brukte som dekorasjonar i vindauga og rundt om.
På helgedagar i påska og maidagane serverte dei koldtbord, og gjerne levande musikk på kveldane.
Grethe serverte kun heimelaga norsk mat, der potetball, salt kjøtt og flesk var
godt likt av dei fleste gjestane. Dei kjøpte inn heile slakt som dei skar og ordna sjølve, på det store kjøkkenet på Dombåstun.
Turistbedriftene i Norddalen i regi av Regionkontoret laga ein Norddalsmeny med god gammaldags, vanleg kost til påska i 1999.Dette vart godt motteke av turistar og bygdefolk.
Grethe og Harald leigde inn musikk, dei fekk kontakt med «Restaurant Zorba» i Oslo, som kunne leige ut musikken sin om fredagskveldane. Musikantane kom med tog til Dombås, spela fredagskvelden og reiste att laurdag.
Grethe leigde inn fleire musikkband, som «Lille Willie» frå Lom.
For å ha desse kveldane måtte dei ha vaktar, det stilte Dombås Musikkforeining opp på, ved at dei fekk mat i peisestua etter festen. Det gjekk an å hjelpe kvarandre den gongen!
Harald og Grethe hadde høner ute på Dombåstun, artig for turistane.
Reidun Blæstrud var tilsett hjå Grethe og ho var med i alle år, ho vart òg med til
Jetta kafeteria.
Dombås Hotell kjøpte Dombåstun av Jostein i 2000. Hotellet var stengt ei periode, men i 2019 vart alle motellromma pussa opp, og fekk til tre nye rom.
Kjelde: Grethe Wasmuth, Jostein Kolstad
|