Historikk: | Gautå sæter
0528545-6896031
Ragnhild Marie Lindsøe (1898-1954) hadde teke over vinterstugu som arv frå Nepå-Lindsø 37/3, og flytta huset inn på Gautåe med tanke på å drive turisme.
Ragnhild fekk «Kafe-bevilling» i 1949, og «Herberge og Kafe-bevilling» på Gautå sæter i mai 1950.
Bestemt etter debatt i Dovre Herredstyre.
Etter Ragnhild prøvde familien med leietakarar, men standarden var for dårleg. Fyrst på 1980 vart Jostein Espelund leigd inn til å restaurere fjøset og fiskebua.
Hans Magne Killi overtok sæterhusa i 1993, han har restaurert og gjort heile «troe» om til eit hyttetun.
BLÅ RUTE
Annonse i Nationen 6. november 1945:
«Kan noen skaffe meg spiseskjeer el. kniver. Har hanekyllinger i bytte.
Ragnhild Lindsø, Dovre»
BLÅ RUTE
Annonse i Dagningen august 1947:
«PÅ Gautåseter, Dovrefjell er hytte tilleie i jakten.
Ragnhild Lindsø, Dovre»
Kjelde:
«Sætrer og sæterdrift i Dovre», Alf Eriksen
|