Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Burest ned for - 260 mJo-huset - 402 mTuft på Furuha - 594 mVeslrustbue - 648 mFuruhaugen (U - 682 mBurest ved Furu - 683 mBurest nedenfor - 692 m

Opplysninger om Dovregubbens Hall 87.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:1120
Område:Vestsida sør for Jøndalen
Plassering:Avsjøen Dovrefjell
Koordinater: 32V 0519307 6891345
Bruk: Turisthytte
Historikk:Dovregubbens Hall 87 0519307-6891345 Martin (1889-1960) og Ymbjørg (1889-1963) Blæstrud kom frå nørdre Bondegarden. Dei bygde eit lite hus ved Anfinnsbrua på Dovrefjell i 1936, Dovregubbens Hytte, her opna dei landhandleri og kaffe stugu. Det var mykje folk langs jernbana den gongen. «Frå hytte til hall» vart det da dei sette opp den store tømmrastugu i 1938, her skulle det bli romutleige og matservering. Åtte rom, to enkeltrom og seks dobbeltrom alle med full pensjon, til saman 22 sengeplassar. Etter opninga av hallen 3. juni 1938 og fram til utgangen av juli hadde det vore innom 2242 personar på besøk. Nidaros 4. august 1938: «Dovregubbens Hall-Dovrefjell- RESTAURANT—VÆRELSER.» Tyske soldatar hadde nok delvis okkupert Dovregubbens Hall i 1943-44. Privat bustad vart sett opp i 1945, vis a vis den gamle stugu. «Martin M. Blæstrud, Dovregubbens Hall, akter å drive handel på Vålåsjø med forretningskontor i Dovre. Dombås 31. mars 1938.» 13. april vart dette registrert hjå sorenskrivaren i Vågå. Ymbjørg Blæstrud fekk herberge- og kafebevilling i 1951. Dovregubbens Hall er kjent for trolla som stod både inne og ute. Ragnvald Einbu frå Lesja gjekk rundt i naturen saman med Ymbjørg, og fann materiale frå naturen for å lage desse figurane. Det vart ialt ti troll , berre tre troll står att inne i dag, ver og vind øydela dei ute. Ragnvald gjorde mykje fint arbeid på Dovregubben, trolla og ikkje minst 50 kafe stolar med 50 ulike dyremotiv i ryggen. Attåt dei populære trolla var fru Rakels rømmevaflar ei oppleving for slitne gjestar. Rømmevaflar er like populært i dag. Vatn hadde dei i to store tønner oppe i andre etasje som dei kunne pumpe vatnet frå, til vaskefata på romma. Kvart rom hadde ei potte under senga som måtte tømmast, ellers var det utedo som og måtte tømmast ofte i sommar sesongen. Bjørner Hovde og Emil Tangen var gardskarar her i mange år. Arbeidet var å ordne med ved, vatn, brøyting, tømme do og ellers alt forfallande. Mina Storlien, Asta og Silja Hage og Lena Brenden arbeidde inne, og som omvisarar i fleire år. Det er fleire som har hatt sommarjobb her. Oddveig Hjellødegård og Torborg Hovde kokka i fleire år. Ute ved elveosen hadde dei eit vaskarhus, der dei bada, vaska klede, baka, farga garn og Ymbjørg var interessert i urter som ho ofte ordna med her. Kanskje det var frå her Rakel fekk inspirasjon for sin billedvev kunst? Ein dag i veka hadde arbeidsfolka vaskarhuset for seg sjølve. Dotter til Martin og Ymbjørg, Rakel(1916-2002) og ektemannen Martin Onsum Berg tok over Dovregubben`s Hall i 1955. Da var kafeen bygd, og eit lite hus i tømmer vart flytta på andre sida av plassen. Dette huset vart den fyrste kiosken som stadig har vore utvida. I kiosken selde dei populære suvenirar. Det var varer frå Brødrene Flårønning, treskjerar produkt og suvenirar laga av reinshorn. Husflidsvarer av god kvalitet hadde dei og stor omsetnad på. Ellers is, brus, sjokolade og ikkje minst postkort. På 1960-talet forandra salget seg, det kom billige masseproduserte suvenirar frå Taiwan og Kina. Det var spesielt ein suvenir som var etterspurd, ei bjørkeskive med bilde av Dovregubbens Hall, med ein gradestokk og ein elg eller eit rådyr i gullfarge. Nytt kjøkken og peisestue bygde dei i 1966, den gamle bygningen frå 1938 vart innbygd og vart nå brukt til utstilling. Elektrisitet kom seint men godt i 1966. BLÅ RUTE: VG 25. oktober 1966: «Av de saker som Dovre kommunestyre skal behandle i møte på Vålåsjø i dag er en søknad fra eieren Martin Onsum Berg-- også Dovregubben kallet – den mest originale som dette forum har hatt for seg. I søknaden heter det: I 1963 anla jeg helskjegg og avla samtidig et brageløfte om at det skulle få sitte inntil jeg fikk elektrisk strøm fram til Dovregubbens Hall. Innen 17. juli i år er jeg av A/S Eidefoss blitt lovet å få strøm på veggen, og dermed er det ikke lenger hjemmel for å bære skjegget. Så langt er alt vel og bra. Men dessverre vil det medføre mange drastiske ulemper, bl.a vil det opstå et tusenstemmig protesthyl fra vox popull (folkets røst). Min livsaftens lys (Rakel), som til å begynne med ikke ville vite av meg med skjegg, kan i dag ikke tenke seg å fortsette samlivet med meg uten. Forstå kvinnen den som kan. Men dette får være som det være vil. Verre er det at skjegget etterhvert er blitt en økonomisk faktor, en attraksjon som trekker turister til stedet og bygda med etter følgende høyere omsetning og inntekter. Dessuten, og det er meget viktig for meg nå fremover, det er en veldig stor kredittstyrke. Og når jeg nå får strøm må det investeres betydelige beløp i installasjoner av maskiner og utstyr, og en god kredittstyrke er nødvendig. I henhold til foranstående søker jeg med dette Dovre kommunestyre om å få beholde skjegget ennå en tid, la oss si et par år til, slik at jeg er godt og vel kommet meg over det verste elektriske sjokket. Det kunne vel være en tanke som foreslår å la det komme inn under naturvern fredningen. Jeg håper på et imøtekommende svar. Vennlig hilsen Martin Onsum Berg, Vålåsjø Rakel var ein meister i vev kunst, ho vov bilder, desse vart utstilt i den gamle delen. På Rakel`s 80-års dag laga dei galleri med 18 bilder i peisestugu og i hallen. Bildeteppa er i dag utstilt hjå Gudbrandsdalsmusea på Lesja Bygdetun. Mette Onsum Berg (1954) tok over drifta etter mora Rakel i 1981. Ho fekk da bygd nytt sanitæranlegg, toaletta som var inne vart for få. Ho starta med åtte sengeplassar men bygde ut til 30 fram til 1989. Ei hytte med fire rom kom opp i 1982, ei hytte med to leilegheiter på 50 m2 kvar kom opp i 1985, og rundt 1989 gjorde ho om privathuset til utleige rom. På 1980-talet forandra turismen seg, kioskvarer vart mindre populære og folk ville ha full pensjon. Det vart og bestilling på større selskap og møter. Utleige av rom med full pensjon er ettertrakta også i dag . Dovregubbens Hall har alltid fått mykje skryt av maten sin, det er og har vore stor trafikk på søndagsmiddag, og fullt hus på 17.mai. Her hadde ein òg moglegheit til å feire dåp, konfirmasjon og bryllaup. Mette kjøpte ei hytte frå Engen på Dovre i 2004, Engenstugu, med fire sengeplassar. Mette og Johan Dokken selde Dovregubbens Hall, til Dovregubbens Fjellstove A/S, ved Beret Margrethe Solend Nomeland og Johans Nomeland. Dei skreiv kontrakt i oktober 2016, overtok 1. januar 2017, og opna 20. februar 2017. Dei hadde opent kvar dag heile året til koronapandemien kom, da vart det trasig, men i dag er det heilårsopent unntatt i januar som er stengt. Beret og Johans har bygd på det som før var utstillinghuset, til nå å vera eit hus med åtte hotellrom. Huset har namnet «Fjellro», det er kledt utvendig med ståande panel, og stod ferdig i 2022. Det gamle utstillingsrommet vart da pizza-huset, her sel dei varm ferdig pizza som take away, eller ein kan sitte inne i pizza-huset. Opent frå 1. juli til 31. juli, mellom klokka 15.00 og 22.00. Den tidlegare personalbustaden er nå modernisert og omgjort til hotellrom. Personalet er flytta til vaktarbustaden ved Vålåsjø stasjon. Dovregubbens Hall har 60 sengeplassar, og ein kan sjølv velge mellom full pensjon eller sjølv hushald. I dei sju leilegheitene er det sjølv hushald. Det er fleire turistbussar som enten berre «stikk innom» eller faste bussar som har bestilt kaffe og vaffel eller middag. Kiosken krev ein person på plass bak kassa kvar dag. Ein ny suvenir er kome i handelen, «ein plysj moskus», den er veldig ettertrakta. Attåt er prospektkort og koppar ei god salgsvare. Johans går moskus guiding heile året, det er mange frå desse turane som bur på Dovregubbens Hall. Dei likar best å servere god tradisjonsmat som rømmegraut, fjellaure og kjøttrettar. Dovregubbens Hall er mykje brukt på 17.mai, i konfirmasjonar, bryllaup, bursdagar, møter m.m. Det er ein??? som har heilårs arbeid, om sommaren er det fire tilsette på kjøkkenet, fire på kiosk og vask, og to på pizza-huset. Pizza-huset står synst på plassen, og her sel dei varm ferdig pizza som take away, eller ein kan sitte inne i pizza-huset. Opent frå 1. juli til 31. juli, mellom klokka 15.00 og 22.00. Beret og Johans trives godt, det er ein livsstil, treffer mykje folk og alltid noko å gjera. BLÅ RUTE: «Johan kjøpte eit konkursbo med herreklær og hadde utsalg på «Gubbin». BLÅ RUTE! (Facebook, Øystein Rudi, Hans J Dahl, Ellen M Sørumgård Syse. Ca 20.02.22) «Rakel Onsum Berg var ein av landets fremste vevkunstnarar. I februar 2022 fekk Gudbrandsdalsmusea kjøpe ei samling på 22 kunstverk frå hennar hand. Laga over ei lang tidsperiode, inspirert av historiske hendingar og dykige medkunstnarar. I vevstolen ved Dovregubbens Hall, med sjølve nasjonalfjellet som bakteppe var Rakel i sitt ess. Kjøpet vart gjort med eit bidrag frå Sparebankstiftelsen DNB, og at familien er meir oppteke av å glede framtidige generasjoner enn å maksimere eigen profitt. Gudbrandsdalsmusea takkar for handelen- eit bidrag til å ta vare på kulturarven. Og gledar seg til å syne fram denne skatten til fleire.» Kjelde: Johan Dokken, Mette Onsum Berg, JoBiBe OlaT har bilder
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Mette Onsum Berg,Johan Dokken, JoBiBe, Beret og Johans Someland

Registrert av:Merete Killi Moastuen