Historikk: | Hjelle Sæter 17/1
0510896-6884187
På Hjelle Sæter var det tradisjonell sæterdrift med kyr og budeie.
Sæterstugu vart oppsett rundt 1872. Det var ei stugu frå Kyrkjestugu på Dovre, mogleg ho var den fyrste butikken i Dovre. Det gamle fjøset, truleg frå Gammelsætra, var datert med ein laftestokk frå 1781. Den er nå felt inn i veggen på kafeen.
Julie (1918- 2016) og Ola (1914-2002) Killi overtok garden og sætra i 1945. På 1960-talet vart det fleire og fleire turistar som ville ha både servering og overnatting.
Dei begynte med utleige av rom i sæterstugu, som dei restaurerte i 1962.
Overnatting fekk turistane, men mat måtte dei ordne sjølve, sjølv om Julie spanderte «kaffe og biteti» til alle.
I åra 1964-1970 sette dei opp seks utleigehytter.
Fyrst Gudbrandsstugu, så kjøpte Ola fem nye tømmerkassar av bedrifta Forseth og Nordli som han gjorde ferdige med glas og dør. Dette vart hyttene Finnbu, Olastugu, Dovrestugu, Trondbu og Tussebu. Hågåbu kom frå Gautåa og vart hytte.
Kokehuset gjorde dei òg om til hytte, Annestugu.
Telefon fekk dei i 1972, gratis tilkopling om dei grov ned lina sjølve frå
Gammelvegen og opp på sætra. Sonen Svein brukte traktor og plog og telefonen fekk dei på veggen!
Julie og Ola dreiv turisme og hadde kyr på sætra fram til 1985.
Svein (1945) og Anne Kristine (1948) Killi tok over garden i 1971, og sæterdrifta i 1985.
Svein og Anne bygde nytt sæterfjøs i 1982, som etterkvart vart gjort om til to dobbelt rom med dusj og toalett for utleige. I desse romma hadde dei faste gjestar kvar påske.
I 1985 bygde dei nytt felles sanitæranlegg, og i 1989-90 fekk Dovrestugu og Olastugu innlagt vatn, med dusj og toalett.
Det var òg utleige rom inne i sæterstugu.
I 1986 fekk dei delt sætra frå garden, da var det slutt på sætring med dyr, det vart ein turiststad. Anne og Svein bygde seg ein privat bustad inntil sæterstugu, og i 1988 sette dei opp kafeteria bygget. Her hadde dei ope for alle, ein populær stad. Hjelle Sæter vart òg brukt til konfirmasjonar, dåp og bursdagar, m.m.
I resepsjonen hadde dei kiosk med dei tradisjonelle varane som is, brus, tobakk og sjokolade.
Ny hytte, Larsbu kom opp i 1993, Dovrefjell Hytteservice ved Arne Vorkinn og Mathias Killi sette opp reisverket, resten gjorde Svein sjølv.
Alt dette vart mykje å halde i orden kvar dag, dei leigde med seg hjelp i sesongane.
Andre etasje på sæterstugu kom opp i 2000, det vart privatbolig.
Kafeen fekk andre etasje i 2001.
Anne og Svein budde fast på Hjelle Sæter i 17 år.
Dei avslutta og selde til Randi (1955) og Jan Inge Melby i 2002.
Randi og Jan Inge leigde bort heila turistanlegget, fyrst til Gunn Ramsrud og Ludvig Gråterud, dei dreiv rundt eit år.
Jens og Anna Erixsson leigde rundt eit år òg, dei hadde kafe og moskusguiding.
Til sist var Hjellesæter utleigd til Anne Mette og Egil Westby , dei òg var ca eit år.
Sommaren 2006 begynte dei sjølve, med kafeteria, og overnatting. Middag og vafler kunne ein stikke innom å kjøpe.
I 2012 selde Jan Ivar sju av hyttene til private, samtidig leigde han ut hyttene til turistar når eigaren ikkje var der, dette var kontraktsfesta.
Randi og Jan Ivar fekk ordna med dusj og toalett i Gudbrandsstugu og Annestugu. Dei hadde sæter messe kvart år.
Gunn Rindal var hjå oss i fleire sesongar, ellers hadde vi mykje hjelp av familie og venner
.
Randi hadde geiter, ender, gjess, kaniner og hunder. Ho minnast desse åra som ei fin tid, mykje trivelege folk.
«Eg er stolt og glad for at oss dreiv Hjelle sæter.
Dotter til Randi, Ida Westvang (1975) kjøpte Hjelle sæter i 2019, ho og familien brukar staden som feriehytte. Ida og mannen Ole har fortsett med sætermesse, der dei spanderar kaffe og biteti.
|