Historikk: | Ljoshaugen camping by Frich`s 8/1
0506899-6882167
Ljoshaugen er ein gamal gard som ligg ovanfor Dombås stasjon.
Kirsten Tora Haugen (1926-2016) gift med Gunnar Løvlund (1918-1986) overtok Ljoshaugen i 1974. Her bygde dei seg eit stort flott hus med panorama utsikt over Dombås.
Dei sette opp 15 hytter og sanitæranlegg, og starta campingplass på området rundt bustadhuset.
Sonen Gunnar Arne (1965-2018) dreiv campingplassen fram til han døde.
Øyvind Frich, ved Frich`s kjøpte Ljoshaugen i juni 2020, og har nå restaurert campinghyttene for utleige.
På Ljoshaugen er det rundt 65 sengeplasser fordelt på 20 hytter, med ulik standard. To av dei er stabbur, og det er to større hytter med åtte sengeplassar kvar.
Ljoshaugen camping er eit rimeleg overnattings tilbud, opent frå 1. mai til
fyrst i oktober.
Frich har sett opp eit nytt bygg med sanitæranlegg og fleire dusjar i kjellaren, over kjellaren er det bygd eit triveleg kjøkken, der veggane er store glasflater. Her kan alle gjestar ordne seg mat sjølve.
Det er plass til ti-tolv bobilar, campingvogner og teltcamping. Det er eit triveleg uteområdet rundt om med sitteplassar.
|