Historikk: | Dombvang 7/80 &
Dombvang vart sett opp som nytt forsamlingshus i Dombås i 1913, og låg der Minneparken er i dag, litt vest for Solglytt.
Det var Dombås musikkforening som stod med ansvaret og drifta for huset.
Johannes (1866-1930) og Olea (1872-1943) Ulekleiv selde garden i Ulekleiv og reiste til Dombås for å bli vaktmeistrar på forsamlingshuset Dombvang.
I folketeljinga i 1920 står det: «Olea av yrke driv kafe og pedell tenester, dottera Inga (1904) hjælper mor i huset, kafe.»
«Loge Dombaas» hadde sin «store juletræfest» på Dombvang 3. januar 1916.
Lokalet var nok mykje brukt til møter og andre arrangement, det vart som eit samfunnshus for Dombås.
Johannes bygde Ulekleiv Hotell som sonen Lars dreiv.
Både Dombvang og Ulekleiv Hotell vart bomba av tyske fly 21. april 1940.
|