Historikk: | Mosjordet Grendahus 18/14 & ID 1110
Hans H. Ødegård (1903-1988) og kona Signe Ulekleiv (1906-1987), budde i Mosjordet Grendahus.
Sonen Harald Ødegård (1941-) skriv:
«Like etter krigen, 1946-47 prøvde far og mor å drive en enkel form for kafedrift, dvs selja kaffe, heimbakte kaker, brus og øl om sommaren, frå Mosjordet Grendahus.
Det må ha vore omkring 1946-47.
For å drive dette måtte dei ha ei bevilling. Ølet det var snakk om var vørterøl og landsøl. Landsøl var noko som ein kan samanlikne med dagens lettøl,
med 2-2,5 % alkohol.
Drikkevara vart kjøpt frå Lillehammer Bryggeri
Det kom lite økonomisk ut av dette salget og det varte berre i 2-3 år.
Noko av grunnen til at dei prøvde dette var mellom anna at arbeidet som snikkarlærer var berre 7 månader i året, derfor berre 7/10 lønn. Det var slik ynskjeleg å tene noko i løpet av sommarhalvåret.»
Lillehammer Tilskuer 09.07.1947:
«Hans H. Ødegård fekk rett til å skjenke brus og alkoholfritt øl.»
Kjelde: Harald Ødegård
|