Opplysninger om Øvre Kyrkjestugu 45/9.
Legg inn bilde Legg inn kommentar| ID: | 1107 |
| Område: | Vestsida sør for Jøndalen |
| Plassering: | Dovre sentrum |
| Koordinater: | Mangler nøyaktige koordinater. |
| Bruk: | kafe |
| Historikk: | Øvre Kyrkjestugu 45/9 & Øvre Kyrjestugu var ein gard i Dovre sentrum, som låg på oversida av gamle E6, sør for kyrkja. Jørgen og Anne Kyrkjestugu saman med Jørgen Eriksson Krokstad og Brit Mikkelsdotter, vart i 1752 stemna for «ulovleg krohald». I 1782 vart brukarane på øvre Kyrkjestugu, Hans Knutsson og kona Brit stemna av futen for ulovleg brennevins-skjenking. Anne Hansdotter Skjelstad (1831-1927) gift med Ole Ingebrigtsson Kirkestuen, opna kafe tidleg på 1850-talet, ho hadde «ferdamannskvile», for folk som reiste og for «fehandlarar og fedriftsmenn». Dei fekk både mat og seng, da på flatseng på kjøkkengolvet. Ei tid var prisen for overnatting 15 øre pluss 5 øre for kaffe på «senga». Øvre Kyrkjestugu var òg eit samlingspunkt for lokalbefolkninga, og dei offentlege kommunestyre møta var her til 1864. Etter at Anne avslutta kafedrifta tok svigerdottera Anne Aasen over og dreiv kafe i helgene og sommrane. Samtidig dreiv òg Maria Kirkestuen og Marit Toftelien, svigerrinnene til Anne, kafe i Kyrkjestugugarden. Det var ofte at folk kom innom etter messe og kjøpte seg kaffe hjå ei av desse tre damene. Aslaug Døving hugsar at ein gong låg det 13 dåpsbarn i sengene heime. Stugu vart rive i 1938. Kjelde: Gardsbok Dovre, Dovrebygde 2019 Kjelde: Gardsbok 3 s.121 |
| Eiere: | |
| Tilstand: | |
| Bygningsmåte: | |
| Størrelse: | |
| Kilde: | Dovrebygde 2019 , Gardsbok Dovre |
| Registrert av: | Merete Killi Moastuen |
Dovre sentrum teke frå kyrkjetårnet. På venstre sida av vegen ser ein fyrst øvre Kyrkjestugugarden. Fyrste huset tilhøyrde Marit Toftelien. Bak der er huset til Anne og Håkon Kirkestuen. Litt til venstre for desse to husa står stova til Maria Kirkestuen. Så kjem øvre stova tilhørendehotellet. Over taket her skimtar ein stova til Vigerustjentene Mari og Maria, og bak der att Steinmokafeen. Pakkhuset til Steinmo står på tvert av vegen (det store huset). Steinmobutikken med inngang mot fotografen. Bak Steinmobutikken er Løvmokafeen (kvitt) og Amli. På høgre sida er fyrst huset til Barbro Kirkestuen (og Ola). Her var det fiskebutikk. Vidare fjoset og nautgarden til øvre Kirkestuen. Så kjem hotellet. Mellom hotellet og Båsto er den gamle kooperativen, seinare skulehus. Og bak Båsto, Gurihaug. Baker Pedersen held på å byggje til venstre bak Kirkestuen Rundt 1933 Foto: Hans Joramo/Maihaugen
