Historikk: | Vollheim 42/23 &
Oskar Bagås (1912-1986) var son til Anna og Peder Bagås på Øyom,
på nabotomta Vollheim, bygde Oskar og kona Magnhild M. Moen eit hus i 1937. Oskar hadde i 1936 fått kommunalgaranti på eit lån til ein snikkarverkstad. Han søkte om å få gjera det om til eit huslån. Oskar fekk ein garanti på kr. 4000,-.
Dagningen 30. desember 1936, skriv i eit referat frå behandlinga i heradsstyret:
«Huset er tenkt bygget med det for øie å leie bort værelser og drive kafe og spiseforretning. Lie vilde stemme mot andragendet da han mente det var nok kafeer før, og han vilde ikke være med å fremme kafelivet.»
Frå 1939 fekk Oskar «kafe og herbergsbevilling» og i 1943 er Vollheim registrert som gjestehus. Dei hadde utsalg av brød og brus i 1951.
Oskar skil seg frå Magnhild og skøyter eigedomen over til ho i 1954. Ho fekk kafe- og herbergebevilling for 1954 og 1955. Magnhild var sentralborddame på Dovre Telefonsentral fram til 1980.
Oskar gifta seg med Ella E. Korsvold frå Folldal og vart kjøpmann der. Seinare
kjøpte og dreiv Oskar og Ella ulike serverings- og overnattingsstader i Sør-Norge.
Vollheim 42/23 &
Oskar Bagås (1912-1986) var son til Anna og Peder Bagås på Øyom,
på nabotomta Vollheim, bygde Oskar og kona Magnhild M. Moen eit hus i 1937. Oskar hadde i 1936 fått kommunal garanti på eit lån til ein snikkarverkstad. Han søkte om å få gjera det om til eit huslån. Oskar fekk ein garanti på kr. 4000,-.

|