Historikk: |
Dovre Senter vart opna i 1971, med butikk, BP stasjon og kiosk.
Asbjørn Storrusten (1933) og Egil Magne Lindsø (1948)
drifta stasjonen fyrste året. Egil køyrde òg ut varer frå Dovre Senter.
Drivstoffet kom frå Otta, oljeblanda, diesel og Super bensin. Gutta på BP måtte gå ut og fylle drivstoff for kundane.
Det var både vaskehall og smørehall i bygget, i vaskehallen fekk ein vaske sjølv,
berre kjøpe ein polett. I smørehallen gjorde Asbjørn oljeskifte, dekkskifte, hjulbalansering og smøring.
Her var det kiosk inne med vanlege kiosakvarer, tobakk og diverse bilrekvisita.
Det var på BP ein kjøpte snop før kino på samfunnshuset.
Da Egil slutta, begynte Ola Storlien (1919-1993), og vart på bensinstasjonen i mange år. Ola var på fleire bensinstasjonar både i Dombås og på Otta, han var spesielt
interessert i bil, og var alltid i godt humør. Sjølv hadde han ein «vel holdt PV som i Ola sitt eige vart veteranbil». Ola fekk tilnamnet «Rasken» da han var raskare enn Asbjørn.
Per Bådstoløkken styrte økonomien for heile Dovre senter, slik kunne dei hente ut varer i butikken å selge på BP.
BP vart Dovre Auto Senter-NOROL i 1988, og Dovre Auto Senter-Statoil i 1993.
Bensinstasjonen vart ein del av butikken i 1995, da Dombås Samvirkelag kjøpte
Dovre Senter. Dovre Samvirkelag opna 2. juni 1995, med Steinar Åvangen
som bestyrar.
Dei tok ned veggen mellom butikken og bensinstasjonen, slik at ein del av butikken kunne delast frå og kunden vart betjent i bensinstasjonen.
Dette gjorde at butikken fekk lengre opningstid, frå kl. 8.00 til 20.00 kvar dag .
Pumpene er nå drifta av Bunker Oil.
GD 6.april 2002: «Det tynnes fort i rekkene på Coop Gudbrandsdalens «dødsliste» for 2002. Tilsammen 11 virksomheter stod vel for vel 2,9 under skuddsmillioner i fjor.»
Statoil Dovre var ein av dei som var vurdert nedlagt.
GD 7. mai 2011: «Stenger Statoil stasjonen på Dovre.
Vil Statoil Dovre åpne igjen?»
Kjelde: Stig Vadet, Egil Lindsø
|