Historikk: | Dombås Camping, Dombås Motell og camping
0506323-6883163
Dombås Samfunnshus og Kino dreiv ein N.A.F. campingplass fyrst på 1950-talet, Dombås Camping, sør for Dombås kyrkje, ved Furumo 7/57 (Borgheim 7/58)
Truleg stod Informasjonskiosken der ei periode.
Campingplassen var i sentrum i 1961, men vart flytta til Dombås Kino fyrst på 1960-talet.
«Aftenpostens turist- og reisehåndbok 1956:
Dombås leirplass i bygdens sentrum. Vaskerom. Kiosk.»
«Dombås Samfunnshus og Kino» sette i 1962-63 opp 20 campinghytter, bygd av
restane etter det tyske fengselet, nede ved Dombås kino.
Alt dette arbeidet vart gjort på dugnad, og inntektene skulle gå til drift av Dombås kino.
Kåre Storløkken (1926-1996) og Oddmar Nordlien (1921-2002) var snikkarar og stod for arbeidet.
Hyttene vart malt i alle fargar, raude, gule og blå, av Ole Magne Lie med fleire,
hyttene vart lakka innvendig.
Det var fire senger i kvar hytte.
I 1963 står det 8 hytter på øversida av kinoen.?????????
Det var òg god plass for telt camping.
Solveig Nyberg (1917-1998) og mannen Artur Nyberg (1915-2002) var vertskap ei periode på 1960-talet.
Det vart sett opp tre større hytter ovanfor Dombås kino i 1965/66, dei vart seld privat nokre år seinare.
Frå 1970 hadde Olav (1920-2017) og Alma (1921-2018) Kjærstad ansvaret for
Dombås kino og campingplassen bak kinoen.
Olav hadde billett salget på kinoen, og Alma stod for reinhaldet både på kinobygget og campinghyttene.
Dotter Aud Wenche Kjærstad Haugom (1958), hugsar at faren var streng med aldersgrensa, men det hendte ho fekk vera med på filmar som passa for ho.
Ved campingplassen var det òg kiosk som stod oppe ved riksvegen. Reidun Hammeren, Liv Bentdal Aspehol, Maja Nyhus og Helene Nyløkken med fleire jobba her, med vask av hytter og rom, samt å betene kiosken.
Dombås Motell opna 7. juli 1975, bygd av Dombås Samfunnshus og Kino, til ein kostnad på 560 000 kroner. Same året ominnreia dei hyttene, da Helserådet godkjente kun to senger i kvar hytte. Det vart montert nytt straum anlegg i hyttene.
Dombås Kino fekk nytt fyringsanlegg og nye likerettarar, og dei fekk igang kioskdrift på kino kveldar.
Økonomisk vart dette ein stor kostnad. Dovre kommune gjekk inn med garanti på eit prioritetslån.
BLÅ RUTE
Utdrag frå Dagningen 11. mars 1976, referat frå årsmøtet i Dombås Samfunnshus og kino:
«På grunn av at det ikke er i orden med den nye avkjøringen ved anlegget, ser styret med bekymring på det kommende år. Grunnen er den at da motellet var planlagt, var kiosken tegnet mot den nåværende innkjøringen fra E-69. Men huset ble da snudd, fordi det skulle komme ny vei ved den andre enden av tomten. Dette er foreløpig ikke skjedd, og det er vanskelig å ha kiosken så langt fra innkjørselen som nå blir tilfelle.»
Eva Råtrø (1942-2003) var vertinne ved Dombås Kino A/L i 17 år, frå 1975-1992.
I utleige annonsa i juni 1992 står det:
«Motellet har ti rom med toalett og dusj, kiosk med frysar og kjøledisk, oppbevaringsskap og kjøleskap, for sjølvbetening.
Varmt vannskolbe og straum tilkopla. NB! Dusjane er noko forringa og bør reparerast.»
Hausten 1992 pussa dugnadsgjengen opp dei tre hyttene og dei ti romma på motellet.
Dugnadsgjengen var folk frå 26 foreiningar i Dovre Kommune som hadde gått saman om Dombås Samfunnshus og Kino.
Ola Nyhus var leiar i fleire periodar på 1970-talet.
Knut Trelvik var leiar i kinostyret, og Valborg Floberg var dagleg leiar av Dombås Motell og camping i 1992.
Dombås Samfunnshus A/L gjekk over til å heite Dombås Kino og Kulturhus i juli 2016.
BLÅ RUTE
Dombås Kino vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta fyrst på 1940-talet. Fyrst planla dei tomta i Dombås sentrum, mellom Storrusten og bankbygget, der fekk dei støypt fire betongklossar før dei fann ut at grunnen var for dårleg.
Kjelde: Aud Wenche Kjærstad Haugom
Dombås Camping, Dombås Motell og camping

|