Historikk: |
Ole Hansen Jøndal bygde det store huset på Steinmo i 1900, det vart som eit
herskapshus. Butikken vart i nordre enden, resten av huset var privat. Ole H. Jøndal bygde attåt både lagerhus og bakeri.
Jørgen Larsen leigde to av dei gamle småhusa rundt 1910, her hadde han bakeri og ein liten kafe. I 1911 kjøpte han Flatmark og byggde «Dalhaugbutikken» og flytta dit med familien. Han hadde bakeri i kjellaren og kafe i søre enden i fyrste etasje. Bakeriutsalget var i nørdre enden.
Familien flytta til Follebu i 1926, kafedrifta var nok avslutta noko tidlegare.
Folketellinga i 1920 fortel at Ole Bakken (1891) og husmor Anna Bakken og sonen Oddvar budde på Steinmo. Her hadde dei kafe frå rundt 1922-1926, i reisverkshuset som var ei «brysju» truleg teke over etter Jørgen Larsen.
Signe Koppang (1904) var stugujente på kafeen og budde på Steinmo.
Ei Shell bensinpumpe kom opp framfor butikken på 1930-talet, ny pumpe fekk dei på midten av 1950-talet.
Skulestugu ved Båtsto fekk sonen Hans O. Jøndal flytta inntil huset dei budde i rundt 1955. Nå vart det ny butikk på Steinmo.
Kjelde: Butikkar i Dovre 1820-1980, Dovrebygde 2019
|