Historikk: |
Nørdre Leirasætre er synste sætra på Dovre Vestside, på sørsida av søre Djupdalsbekken.
Sætre vart bygd i 1941. Ingeborg Leren var budeie her i alle år.
Nedre sæterstugu leigde ho ut til turistar både om sommaren og i påska, det var ofte trasig og kome seg til sæters om vinteren, men dei måtte. Ho hadde plass til 6-8
gjestar pr. natt om sommaren og 10 gjestar i påska.
Jørgen Leren fekk «Herberge og Kafe-bevilling» for Leira sæter i mai 1950.
Etter sæterdrifta vart slutt har sætra vore bortleigd til jegerar, påsketuristar og sommargjestar. Frå 1980 var sætra bortleigd på åremål.
I dag brukar eigaren, Helmer Leren sætra sjølv.
Kjelde: «Sætrer og sæterdrift i Dovre»
|