Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Lesja historielag ønskjer med dette å registrere buer og burestar i dei store fjellområda i bygda, og i nærliggande områder som har vore nytta av Lesjingar.

Nettstaden er tenkt som eit hjelpemiddel der alle som kjenner til buer eller burester kan leggje inn opplysningar og historiar knytt til dei.

Sida gjer det lett å:

  • få oversyn over stader som alt er registrert
  • registrere nye buer og burestar (og andre kuturminne)
  • leggje inn merknadar til buer som allereie er registrert
  • leggje inn bilete av objekta som registrert

Du kan leggje inn nye buer, merknadar eller bilete utan å vere innlogga som registrert brukar, men da kan du ikkje gå inn att å endre opplysningar som du allereie har lagra. Da må du vere innlogga under registreringa.