Brevsamlinga etter Sigurd Einbu vart funne på mørkeloftet på Brennøygarden i 2009 av Jørgen Berg-Domås og Gunnar Bentdal. Dette er brev og kort som han har motteke frå nær sagt alle kanter av verda. Dei viser ein omfattande korrespondanse med observatorium, forskarar og enkeltpersonar frå ei rekkje land over heile verda, og om ei rekkje ulike emne.
Alle dokumenta i samlinga vart registrert i Excel av finnarane. Dokumenta vart samtidig digitalisert ved Gudbrandsdalsmusea si avdeling av Opplandsarkivet på Dombås. Dataene er no overført til ein søkbar database, og samlinga er med dette fritt tilgjengelig for søk på internett. Sjølve brevsamlinga er arkivert ved Opplandsarkivet på Dombås.






